Legar i spesialisering

  • Heltid
  • FØRDE, NORGE
  • Publisert: 2 dager siden
  • 24. august 2025

Medisin legar Førde, Helse Førde

Medisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus har ledig to vikariat for legar i spesialisering (LIS 2/3) frå september 2025, førebels ut august 2026. Vikariatet gjeld å vere del av 10-delt vaktplan som LIS 2. 

I tillegg til søkjarar som ønskjer indremedisinsk teneste i Helse Førde, er også legar som treng sideutdanning velkomne til å søkje. 

Seksjonen har 14 overlegestillingar, 10 LIS2-stillingar, 8 LIS3 og 8 LIS1, og er godkjend for spesialisering innan kardiologi, nefrologi, gastroenterologi, lungesjukdomar og akutt- og mottaksmedisin. Det er søkt om vidare godkjenning innan generell indremedisin.

Akutt- og mottaksmedisin (AMM) er under oppbygging som spesialitet i Helse Førde og har ei viktig rolle i styring av pasientflyt i akuttmottak og oppfølging av observasjonspost.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene er knytt til akuttmottak, sengepost, overvakingssenger, medisinsk intensivavdeling og til poliklinikk
  • Vakthavande LIS2 kan bli rådspurt i høve innleggingar for dei medisinske seksjonane ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid
  • Det er utstrakt tverrfagleg teamarbeid både i vakt-, sengepost- og poliklinisk arbeid og AMM-lege er sentral samarbeidspart til LIS2-vakta

Kvalifikasjonar

  • For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon
  • Søkjar må ha gjennomført LIS1-teneste i Noreg
  • Erfaring som LIS frå indremedisinsk avdeling er ein fordel
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg 
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, vere fleksibel og like å jobbe i eit tidvis hektisk miljø

Vi tilbyr

  • Tett og godt samarbeid med LIS og overlegar og med anna personell i avdelinga
  • Støttande og trygt arbeidsmiljø
  • Kontinuerleg fagutvikling og utdanningsverksemd for LIS1-3
  • Grunnløn etter tariff
  • Individuelt tillegg kr 30.000,-
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Hildur Margret Thingnes, Seksjonsleiar medisinsk legeteneste FSS, (+47) 578 39 317

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5000917468
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 15.09.2025
Søknadsfrist: 25.08.2025