Herøy kommune, Herøy omsorgssenter og Eggesbøtun omsorgsbolig
Er du mellom 16 og 18 år og ønska å arbeide ved sidan av skulen? Då er du kanskje vår neste Gledesspreiar. Dersom du i tillegg har interesse av å arbeide med eldre og har eigenskapar du meiner kan nyttast i arbeidet, bør du søke på stillinga!
Herøy kommune, pleie og omsorg, har ledig åtte stillingar som Gledesspreiar. Kvar stilling er på 9%, arbeidet finn stad kvar tredje helg på dagtid laurdag og søndag.
Dette er ei flott moglegheit til å finne ut om du har lyst til å utdanne deg innan helse og omsorg. Etter at du er 18 år er det mogleg å fortsette i ei stilling som pleiemedarbeidar på helg.
Dei ledige ressursane er delt slik:
- tre stillingar ved Eggesbøtun omsorgsboligar
- to stillingar ved Herøy omsorgssenter, seksjon grøn
- tre stillingar ved Herøy omsorgssenter, seksjon raud
Arbeidsoppgåver
- dekke bord og lage til frukost
- assistere ved måltid
- reie opp senger
- drive miljøarbeid som til dømes trimprogram, song og musikk, høgtlesing, eller ved at alle får tilbod om ein tur i frisk luft i løpet av helga
Kvalifikasjonar
- ungdom mellom 16 og 18 år
- erfaringar og kompetanse som kan brukast i miljøarbeid
Personlege eigenskapar
- likar å arbeide med menneske
- har lyst til å samle praktisk erfaring under skulegang
- likar å samarbeide i team
- er strukturert og lærevillig
- er løysingsorientert og fleksibel
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetting.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- forsikring gjennom KLP
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Cecilie Tarberg, Seksjonsleiar, +47 97020582
Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 5A
6092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5000256345
Stillingsprosent: 9%
Vikar
Søknadsfrist: 01.09.2025