Alver kommune
Om stillinga
Alver kommune har ledig ei fast 100 % stilling som rådgjevar på Landbruksavdelinga. Kommunen er ein av dei største landbrukskommunane i Vestland og har eit vidt spenn i kombinasjonen av små og store gardsbruk, tradisjonelt jord – og skogbruk og ulike bygdenæringar, med eit variert landskap frå kystlynghei ved havet til frodige beiter i høgfjellet. Dette gjer at det er ein spennande stad å arbeida. Du får allsidige arbeidsoppgåver og sakstyper som gjer at du vil få ein variert kvardag . Landbruksavdelinga ynskjer deg som vil gjere ein forskjell for landbruket.
Avdeling for landbruk har som mål å bidra til eit godt og robust landbruksmiljø. God forvaltning og fokus på innovasjon og utvikling av landbruksnæringa er viktige satsingsområde.
Alver kommune opplever eit generasjonsskifte i landbruksnæringa, og fokus på informasjon og oppfølging av nye bønder er ei viktig oppgåve. Alver kommune har og ansvar for landbruksoppgåver for kommunane Austrheim og Modalen. I dei tre kommunane er det om lag 500 aktive bønder. Store oppgåver som ligg framfor oss er klimatilpassing med spesiell fokus på agronomi, næringsutvikling på små og store bruk og nytting av dei store skogressursane i regionen.
Landbruk er ei av tre avdelingar under tenesteområdet Arealforvaltning i Alver kommune. Me har eit tett tverrfagleg samarbeid med dei to andre avdelingane; Miljlø og byggesak og Kart og oppmåling, og med andre sektorar i kommunen.
Kontorstad er i kommunehuset på Frekhaug. Landbruksavdelinga har 7 tilsette.
Arbeidsoppgåver
Vi søker deg som har kompetanse, erfaring og interesse for forvaltning og utvikling av ei framtidsretta jord- og skogbruksnæring. Stillinga vil gje deg høve til å forma utviklinga for næringa i Alver og samarbeidskommunane. Stillinga er sjølvstendig og du vil kunne påverke eigen arbeidskvardag. Stillinga omfattar både fokus på næringsutvikling og forvaltning. Kompetanseoppbygging og rettleiing av bønder er ein viktig del av arbeidsoppgåvene.
Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga er i hovudsak:
- Forvaltningsoppgåver knytt til lovsaker som jordlov- og konsesjonssaker, herunder driveplikt og drenering
- Forvaltningsoppgåver knytt til sakshandsaming av landbruksvegar.
- Næringsutvikling knytt til landbruk, arrangera fagmøte, kurs og liknande.
- Kontakt og rettleiing av bønder/grunneigarar
- Tverrfagleg samhandling med andre fagområde og samarbeidspartar i og utanfor kommunen
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga. Fagfeltet vert delt med kollegaer ved kontoret.
Kvalifikasjonskrav
Vi søkjer deg som har:
- Relevant utdanning innan skog eller jordbruk, helst på masternivå, minimum bachelornivå.
- Gode kunnskaper innanfor landbruk, både praktisk og teoretisk
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Relevant erfaring kan vega opp for manglande formell utdanning
- Personlege eigenskapar som sjølvstende, initiativ og gode samarbeidsevner
Ønskt kompetanse
Vi søkjer deg som:
- Har interesse og engasjement innanfor fagområdet
- Relevant erfaring frå tilsvarande stilling
- Erfaring frå offentleg forvaltning
- Har gode samarbeidsevner
- Tar ansvar og kan jobbe sjølvstendig
- Er løysingsorientert og fleksibel
- Har gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg
- Trivst i kontakt med bønder, grunneigarar og andre aktørar
- Har godt humør og ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Ny utdanna er velkommen til å søkja
Du må ha førarkort.
Vi tilbyr
- Variasjon i arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
- Løn etter avtale basert på utdanning og erfaring
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP