Alver kommune
Skal du bli sjukepleiar eller vernepleiar? Vi vil satse på nettopp deg
Alver kommune er i gang med eit nytt tilbod for studentar, som vi har kalla student-trainee. Uansett om du akkurat har starta studiet eller har kome godt i gang, vil vi gjerne høyre frå deg.
I studietida arbeider du i ei 20 % fast stilling, og etter fullført utdanning går du rett over i ei 100% trainee-stilling i 18 månader. Etter traineeløpet har du ei fast sjukepleiar/vernepleiarstilling. Som student får du mellom anna tilgang på 40 t e-læringskurs, som du kan gjennomføre når det passar deg. I tillegg vert du invitert inn på ei samling i halvåret saman med andre student-trainear.
Som trainee får du delta på fagsamlingar og veljer deg i tillegg tre dagar med hospitering i andre av våre områder innan helse og omsorg. Gjennom god oppfølging og arbeidserfaring i ulike avdelingar vert du godt kjend med bredden av arbeidsfeltet for di utdanning. På denne måten opparbeider du deg ein unik kompetanse i kommunen.
Våre forventningar til deg
- Du er sjukepleiar- eller vernepleiarstudent på fulltid
- Du har lyst og tid til å arbeide med relevant arbeid under studietida og ønskjer å fortsette hjå oss etter fullført utdanning
- Du er fleksibel
- Du arbeider sjølvstendig og tar ansvar
- Du er positiv og ønksjer å bidra i arbeidsmiljøet
I studietida
20% fast helgestilling i studietida vil gje deg ei stabil og forutsigbar inntekt på minimum kr. 8 000,- pr. månad.
Arbeidstida di vil i hovedsak vere på helg. Vi ser for oss at du kan arbeide 3.kvar helg eller langvakter kvar 4.helg. Turnusen kan leggast opp fleksibelt, ved at du t.d i praksisperiode kan bytte arbeidshelg og overføre timane til timebank. Du har fri til eksamen etter avtaleverket.
Du kan ha same arbeidsstad i heile studietida, eller prøve deg på fleire omområder. Dersom du i periodar ønkjer å arbeide meir, er det sjølvsagt rom for det. Om sommaren arbeider du i full stilling i 4 veker, og som fast tilsett har du 5 veker ferie.
Fast arbeid i studietida vil vere gunstig for lønna di som ferdig utdanna, fordi arbeidet vert medrekna som ansiennitet på lønnsplasseringa.
I tillegg til 40 t. e-læringskurs og rettleiing ein gong i halvåret i eit student-traineefellesskap, kan du delta på avdelinga sine kompetansehevingstiltak.
Som tilsett i studentperioden har du ansvar for å utføre oppgåver saman med andre i avdelinga. Arbeidet vil innhalde både sjølvstendig arbeid og arbeid i team.
I traineeperioden
Traineeperioden gir deg ein unik kompetanse. Etter fullført utdanning og mottatt autorisasjon vert du lønna som sjukepleiar/vernepleiar. Den første sommaren som ferdig utdanna held du fram med å arbeide der du var i studietida, før traineeperioden startar opp.
Vi tilbyr traineeordning innanfor områda: sjukeheim, heimeteneste, omsorg pluss og habilitering.
Traineeperioden varer i 18 månader, frå medio august til medio februar. Du vel deg tre ulike tenesteområde der du arbeider i 6 månadar på kvar arbeidsplass i traineeperioden. Her vil du jobbe med erfarne sjukepleiarar eller vernepleiarar. Som trainee vil du delta i mentorprogram for nytilsette der du vil få fast rettleiing på arbeidsplassen. Du vil også delta i grupperettleiing/fagdagar saman med andre traineear og blir følgt opp av koordinator.
Vi ønskjer å investere i deg, og medan du er trainee tilbyr vi i tillegg 3 hospiteringsdagar i andre av kommunen sine områder innan helse og omsorg. Du kan mellom anna velje legevakt, helsesjukepleiar, psykisk helse og rus, kreftkoordinator, demens, hukommelsesteam, dagsenter, palliasjon og forvaltning.
Gunstige vilkår vidare: Etter traineeløpet er du tilsett i ei 100 % stilling i kommunen. Vi har gode pensjon- og forsikringsvilkår gjennom KLP. Ønskjer du etter kvart vidareutdanning vil du kunne få støtte til dette, så lenge det er i tråd med vedtatt kompetanseplan for kommunen.
Interessert?
Vi vil gjerne høyre frå deg, og tilsett etter kvart som søknadane kjem inn. Siste frist til å melde si interesse er 30.november.