Helgestillingar

  • Deltid
  • SANDANE, NORGE
  • Publisert: 3 dager siden
  • 2. september 2025

Heimetenesta, Gloppen kommune

     

Har du ledig tid i helgane og ønskjer å tene litt ekstra, samstundes som du kan gjere noko meiningsfullt for både deg sjølv og andre?

Vi søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar til teamet vårt i Gloppen heimeteneste

Heimetenesta i Gloppen er fordelt på tre områder; Sandane, Breim og Hyen. Vi yter heimebaserte tenester til brukarar i alle aldersgrupper. Hjå oss er du i eit team med både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og pleiemedarbeidarar.
Vi arbeider tverrfagleg for å kunne tilby brukarar gode tenester som er basert på kvalitet. Vi ynskjer å bidra til at pasientane skal oppleve meistring i kvardagen, og tilbyr kvardagsrehabilitering samt velferdsteknologi.

Som tilsett hjå oss vil du få ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.

Du vil få opplæring/kurs og høve til utvikling innan fleire spennande fagfelt!

Tilsetting snarast.

Arbeidsoppgåver

Ivareta og gje omsorg og pleie til brukarar i omsorgsbustadar og i heimane. Som personleg hygiene, ernæring, fysisk aktivitet m.m

Observere og vurdere, samt rapportere til sjukepleiar/helsefagarbeidar ved endringar

Dokumentasjon

Samhandling med brukar, pårørande og kollegaer

Utføre sjølvstendige og delegerte oppgåver i eit arbeidsfellesskap.

Fagoppdrag etter utdanning , eller kvar ein evt er i utdanningsløpet

Kvalifikasjonar

  • Du som har interesse for faget og som har eit sterkt ynskje om å bidra til ein god kvardag for brukarane våre.
  • Vi ser etter deg som har utdanning i helse eller deg som ynskjer å prøve deg i omsorgsyrket sjølv utan fagkompetanse eller påbegynt helseutdanning. 
  • Erfaring frå anna jobb innanfor helse er ein fordel , men ikkje eit krav.
  • Førarkort personbil er nødvendig for å kunne arbeide ute i tenesta, men er ikkje nødvendig for arbeid på bukollektiv.
  • Du må kunne snakke godt norsk.

Personlege eigenskapar

  • Du må vere ansvarsbevisst
  • Ha evne til å samarbeide
  • Du må kunne jobbe sjølvstendig
  • Du er engasjert, positiv og set brukarane sine behov i fokus
  • Du evnar å omstille deg raskt
  • Du må takle  ein uforutsett arbeidskvardag
  • Du har gode haldningar og  kan bidra med arbeidsglede

Vi tilbyr

  • Trivlege kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Ein spennande og lærerik arbeidsplass
  • Helgestilling 17 – 20 % ( 2. kvar helg eller 3. kvar helg)
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader
  • Ein god praksis om ein er nyskjerrig på utdannning innan helse

Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Cecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601

Arbeidsstad

Grandavegen 9
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 5000477035
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 03.09.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted