Psykolog/PP-rådgiver

  • Heltid
  • GVARV, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 24. august 2025

Midtre Telemark PPT

Midtre Telemark Pedagogisk-psykologisk tjeneste (PPT) er ein interkommunal teneste som dekker kommunane Midt-Telemark, Nome og Seljord. Kontoret er lokalisert på Gvarv i Midt-Telemark kommune og har 12 tilsette. 

Pedagogisk-psykologisk tjeneste (PPT) har som mål å bidra til at barn, unge og vaksne med særskilde behov sikras gode opplærings- og utviklingsmogleghetar. PPT skal samarbeide med og støtte barnehagar og skular i det forebyggjande arbeidet for å gi eit inkluderande opplæringstilbod til barn og elevar som kan ha behov for tilrettelegging av opplæringa. PPT skal støtte og rettleie i å greie ut om behov for tilrettelegging av opplæringa og i å setje inn tiltak så tidlig som muleg når det trengst. Tjenesta skal også hjelpe til med kompetanseheving og organisasjonsutvikling slik at opplæringstilbodet blir så inkluderande som mogleg. PPT er kommunens sakkyndige instans ved vurderingar av spesialpedagogisk hjelp og individuell tilrettelagt opplæring. 

Arbeidsoppgåver

Vil du vere med og styrke det førebyggjande arbeidet i grunnskulen? PPT søkjer ny medarbeidar!
Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) har ei viktig rolle i å støtte elevar med behov for tilrettelegging, og i å bidra til utvikling av inkluderande læringsmiljø i grunnskulen. Vi søkjer no ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar som ønskjer å jobbe systemretta, førebyggjande og med fokus på rettleiing.

Stillinga er dels knytt til kontorets Ungdomsteam og dels til Veiledningsteam. Ungdomsteam har ansvar for ungdomsskular og Forberedande opplæring for vaksne (FOV). Som del av stillinga er ein kontaktperson på faste einingar og jobbar med forebygjande og utviklande arbeid, samt med sakkyndighetsarbeid for enkeltelevar. Veiledningsteam jobbar sytemretta med alle einingar i kommunane frå barnehage til vaksenopplæring, og tilbyr rettleiing på aktuelle problemstillingar på eininga, slik som læringsmiljø og inkluderande praksis eller kompetanseheving på pedagogiske tema, fagvansker, diagnoseforståing med meir. 

Arbeidsoppgåver vil vere:

  • Bidra til utvikling av inkluderande og trygge læringsmiljø i grunnskulen gjennom systemretta arbeid
  • Rettleie lærarar og skuleleiarar i arbeid med tilrettelegging, klasseleiing og tidleg innsats
  • Delta i tverrfagleg samarbeid for å sikre heilskapleg oppfølging av elevar
  • Utgreiing av elevar med lærevanskar
  • Utarbeide sakkunnige vurderingar ved behov
  • Bidra til kompetanseheving og utviklingsarbeid i skular og i tenesta

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Har utdanning som psykolog eller har mastergrad i relevante fag som pedagogikk, spesialpedagogikk, psykologi eller tilsvarande. Relevant erfaring kan i enkelte tilfelle kompensere for utdanningskravet.
  • Har erfaring frå arbeid i skule eller PPT 

Sertifisering innen Wechslertestene vil vere ein fordel, men er ikkje eit krav for tilsetting. 

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som:

  • Har engasjement for førebyggjande arbeid og tidleg innsats i skule
  • Har god kompetanse i rettleiing og ønskjer å styrkje kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Er trygg i møte med barn, unge og føresette, og har evne til å skape tillit
  • Har god kompetanse innan rettleiing, systemarbeid og førebyggjande tiltak
  • Er fagleg oppdatert og nysgjerrig på utvikling innan pedagogikk og psykolog
  • Har gode kommunikasjonsferdigheiter og samarbeidsevner
  • Er relasjonsorientert, strukturert og har gode samarbeidsevner
  • Er proaktiv og ansvarsbevisst
  • Har høy arbeidskapasitet
  • Er ryddig, strukturert og sjølvstendig

Personlege egenskaper vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag med moglegheit for fagleg utvikling
  • Eit fagmiljø med høg kompetanse og fokus på samarbeid og refleksjon
  • Moglegheit til å vere med og utvikle framtidas PP-teneste med vekt på førebygging og tidleg innsats i grunnskulen
  • Fleksibel arbeidstid
  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Opplæringsloven § 17-11. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
  • Førarkort kl. B
  • Det vil vere en fordel å disponere bil

Kontaktinformasjon

Ida Elisabeth Welta Myrene, Einingsleiar, +47 97028117

Arbeidsstad

Torkild Gunnheims veg 3
3810 Gvarv

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 4991136295
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted