ID 2355 Helgestillingar for pleieassistentar – Institusjonar i Stord kommune

  • Deltid
  • , NORGE
  • Publisert: 1 dag siden
  • 13. september 2025

Stord kommune

Me søkjer deg som brenn for eldreomsorg og ynskjer å jobbe i institusjon. Du må vera over 18 år, pliktoppfyllande og ha interesser for helse- og omsorgstenester. Du må vera engasjert og kunnskapsøkjande. Me kan tilby jobb i eit godt fag- og arbeidmiljø og fagleg utvikling .

Det er og rom for å legge opp til varierte oppgåver gjennom å få rotasjon på våre ulike avdelingar. Alle avdelingar har moglegheit for både dag/kveld kvar 3. helg eller langvakter kvar 4. helg.

Presentasjon av arbeidsgjevar og arbeidsplass:

Stord sjukeheim har 6 avdelingar pluss eit dagtilbod for personar med demens:

Avdeling Gullberg: somatisk avdeling og korttid.

Avdeling Gullskar: Avdeling for personar med demenssjukdom

Avdeling Backertunet: Avdeling for personar med demenssjukdom. Denne avdelinga har og ein skjerma enhet

Avdeling Vikjo: Avdeling for somatikk, psykisk helse og rus.

Avdeling Knausen/Kringsjå: Avdeling for somatikk

Avdeling Bergtun: Bufelleskap

Knutsaåsen omsorgssenter:

Avdeling 1: Somatisk avdeling

Avdeling 2: Demens avdeling

Alle avdelingane våre har høg fagleg kompetanse og du vil ta del i dette og få god innføring i oppgåvene dine. Stord kommune har siste åra jobba aktivt med TØRN der rett bruk av kompetanse og oppgåvedeling er ein viktig del av dette.

Arbeids- og ansvarsområde:

  • Pleie og omsorgsoppgåver

  • Miljøarbeid og aktivitet

  • Ivareta den enkelte pasient sin verdighet og autonomi

  • Følge planar og aktivitetar i avdelingane

Kvalifikasjonskrav:

  • Over 18 år

  • Kunnskap om eldreomsorg

  • Kunne utføre grunnleggjande pleie og omsorgsoppgåver etter hygieniske prinsipp og av god kvalitet.

Personlege eigenskapar vert ei viktig vurdering i stillinga.

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

  • Offentleg tenestepensjon

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål: Einingsleiar Britt Nelly Hystad Barane 53454510 / 92486358

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted