Psykosepoliklinikk Haugaland DPS, Helse Fonna HF
Psykosepoliklinikken ved Haugaland DPS søkjer etter sjukepleiar/vernepleiar til å jobba saman med oss i eit spennande fagmiljø i psykosepoliklinikken, for tida i ACT-team.
Teamet er implementert saman med Haugesund kommune. Arbeidsoppgavene i ACT er varierte og krev stor fleksibilitet, ein må vere løsningsorientert og kunne omstille seg raskt.
Psykosepoliklinikken har vore i vekst dei siste åra og vi har over lengre tid hatt fokus på å betre behandlingstilbodet. Vi kan no tilby eit breitt behandlingstilbod til pasientene våre, i tråd med nasjonale føringar. Poliklinikken følgjer både opp pasienter som er henvist med mistanke om psykoseutvikling, og pasienter som har ein vedvarande psykoseproblematikk. Poliklinikken følgjer også opp pasienter på TUD ( Tvang uten døgnopphold).
Haugaland DPS har eit robust fagmiljø med overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, legar og psykologar under spesialisering, og dessutan høgskuleutdanna med vidareutdanning. Vi gir eit breitt behandlingstilbod som famnar rusbehandling (TSB) i poliklinikk og døgn, allmennpsykiatriske poliklinikkar, ACT, FACT og psykose-team, akutt ambulant team (AAT) og dessutan ulike døgnbehandlingstilbod innan psykisk helsevern.
Arbeidsoppgåver
- Behandling av pasienter med alvorlege psykiske lidingar, med behov for
oppfølging over lang tid. Målgruppa er primært heimebuande pasientar med
psykoselidingar eller anna moderate/alvorlige psykiske vanskar. Fleire har
blant anna rusliding som tilleggsproblematikk. Målet er å gi samordna og koordinerte tenester og
støtte pasienter i deira eigen betringsprosess og hjelpa dei til å nyttiggjere
seg dei ordinære kommunale tenestene når det er mogleg. I ACT arbeider man etter ACT-modellen som er beskrevet i ACT-håndboka https://rop.no/globalassets/dokumenter/act-handbok_2014.pdf.
Kvalifikasjonar
- Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon
- Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid/rus er ønska, men personar med relevant arbeidserfaring vil bli tatt i betraktning.
- Erfaring frå arbeid med rus/psykisk helse.
- Det er ein fordel med arbeidserfaring innan psykosefeltet.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Førarkort for bil
Personlege eigenskapar vil bil vektlagt.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt med tanke på:
- Å fungere i team, god samarbeidsevne og omstillingsevne
- Godt humør.
- Ha evne til å tenke kontinuitet, utvikling og like utfordringar
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
- Evne til å stå i krevjande situasjonar
- Evne til ryddig og god dokumentasjon
- Menn oppfordres til å søke.
Vi tilbyr
- Rettleiing
- Løn etter gjeldande avtalar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Louise Sandve, Funksjonsleiar, 99012230
Arbeidsstad
Floraveien 75
5535 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4997498371
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2025