Sjukepleiar, 80% fast stilling

  • Deltid
  • GURSKØY, NORGE
  • Publisert: 16 timer siden
  • 21. august 2025

Herøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon A

Seksjon A ved Myrvåg omsorgssenter søker etter ein engasjert sjukepleiar for fast tilsetting.
Det er ledig 80% stilling, arbeidstida er organisert i todelt turnus med langvakter på 12,5 timar kvar fjerde helg. 

Stillinga er ledig frå 01.10.2025

Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar:

seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining)
seksjon B: seksjon for personar med demens med langtids- og korttidsopphald

Arbeidsoppgåver

  • pleie- og omsorgsoppgåver for bebuarar i sjukeheim (ernæring, personleg hygiene, mobilisering)
  • utarbeide og følge opp tiltaksplanar
  • fagleg hovedansvar for legemiddelhandtering
  • følge opp medisinske tiltak ordinert av lege
  • dokumentasjon etter gjeldande lovverk i journalsystemet Gerica
  • bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta
  • samarbeide tett med pasient, pårørande og ulike yrkesgrupper for å yte eit heilskapleg pasientforløp

Kvalifikasjonar

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • gode datakunnskapar
  • erfaring  med journalsystemet Gerica er ein fordel
  • god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk (kommunen har nynorsk som administrasjonsmål)

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Autorisasjon og godkjend politiattest må leggast fram før tilsetting.

Personlege eigenskapar

  • gode samarbeidsevner 
  • strukturert, sjølvstendig og god til å prioritere arbeidsoppgåver
  • løysingsorientert og fleksibel
  • opptatt av heilskapeleg pasientforløp
  • like faglege utfordingar i eit godt arbeidsmiljø
  • positiv og engasjert i jobben, og er med på å skape trivsel på arbeidsplassen

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
  • Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med  kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen
  • stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
  • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse og trivsel
  • elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI), Visma Veilederen og Glup
  • fagdag i turnus

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Anna Emilie Blomstervik, Seksjonsleiar, +47 98075478

Arbeidsstad

Åsvegen 13
6080 Gurskøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 4994370392
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.10.2025
Søknadsfrist: 22.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted