Ørsta kommune
Ørsta kommune har til ei kvar tid trong for fagarbeidar/assistent og barnehagelærar som kan tenkje seg å vere tilkallingsvikar i barnehage.
Denne utlysinga gjeld for barnehageåret 2025/2026.
Denne utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men ei liste over søkjarar som kan vere tilkallingsvikarar i kommunale barnehagar.
Arbeidsoppgåver
Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel og vere budd på å arbeide med alle barnegrupper i alderen 0-6 år.
Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Mynde til å gjere slik tilsetting er delegert til den einskilde styrar.
Aktuelle barnehagar:
Barnas Vel barnehage (Tlf. 976 35161)
Dalane barnehage (Tlf. 902 66822)
Hovdebygda barnehage (Tlf. 480 05745)
Rystene barnehage (Tlf. 971 01421)
Sæbø barnehage (Tlf. 468 01495)
Vartdal barnehage (Tlf. 480 86125)
Kvalifikasjonar
Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar.
Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding.
Personlege eigenskapar
Stabilitet og personlege eigenskapar vil verte vektlagde saman med utdanning og praksis. Referansar vert nytta.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at søkjar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der.
Vi tilbyr
Arbeidsavtale i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Om offentlege søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar unnatakast offentleg
søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namn skal vere
unnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert
konkret i høve omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil
oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom
kommunen meinar at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjar verte kontakta og få tilbod om
å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Pål Einar Brekke, Rådgjevar
Arbeidsstad
Ivar Aasen-gata 10
6150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 4990102400
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 30.06.2026