Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har ledig stilling som vikariat maskinsjef i ressursgruppe Romsdalen, p.t. MF Eira.
Kvifor velje oss?
- Variert og spanande arbeid: Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spanande arbeidsoppgaver.
- Fleksibel skiftordning: 3 veker på, og 3 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid. Om ønskelig kan det tilrettelegges for 2 uker på, 2 uker av.
- Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges ledande ferjerederi!
Oppstart snarest.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
- Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
- Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
- Sørge for opplæring av personell under si leiing
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- Minimum M3 sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Allsidig erfaring som maskinsjef
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og DNMF
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning: 3 veker på, 3 veker av (eller 2 på, 2 av)
- Jobbrelaterte reisekostnader vert dekka
Kontaktinformasjon
Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeidar, sigrunn.hellebust@fjord1.no
Arbeidsstad
Kåre Solhjells veg 18
6415 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 4997300293
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 12.08.2025