Er du ein leiar som tek vare på mangfaldet blant elevane, og vil utvikle profesjonsfellesskapet i skulen? Vil du setje retning og bidra med å utvikle framtidsretta vidaregåande opplæring?
Vestland fylkeskommune søkjer ein engasjert, utviklingsorientert og tydeleg rektor til Askøy vidaregåande skule. Rektor må ha evne og vilje til å vidareutvikle skulen og kvaliteten i opplæringa. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar som tar til i vidaregåande skule skal fullføra, og at opplæringstilbodet heile tida vert forbetra.
Det er forventa at rektor er ein aktiv bidragsytar og vil medverke til å oppfylle samfunnsoppdraget: Vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.
Askøy vidaregåande skule har studiespesialiserande og yrkesfaglege utdanningsprogram som bygg-og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag, tilrettelagt opplæring og påbygging til generell studiekompetanse.
Skulen samarbeider tett med kommunen, lokalt næringsliv og organisasjonar for å kunne gje elevane erfaringar i praksis. På same tid som vi ønskjer å ha ein lokal tilknytning, så er vi også opptatt av å sjå ut i verda. Skulen har lang tradisjon for internasjonalt arbeid.
Askøy vidaregåande skule er MOT-skule og arbeider for at alle elevar skal ha ein trygg og god skulekvardag, samstundes som skuletida skal gje rom for nye opplevingar og utfordringar.
Askøy vidaregåande skule har om lag 700 elevar og i overkant av 100 tilsette. Skulebygget på Søre Myrane 13, 5300 Kleppestø, er nytt og moderne frå 2023. Det tek 15 minutt å gå til skulen frå Kleppestø terminal.
Arbeidsoppgåver
- Utvikle skulen i samsvar med mål og visjon for skuleeigar
- Sikre eit trygt og godt skulemiljø og god medverknad frå elevane
- Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, fagleg utvikling, god medverknad og kulturbygging
- Vidareutvikle leiargruppa som eit samla og effektivt team
- Leie strategi- og utviklingsprosessar
- Leie skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og kompetanseutvikling
- Personalleiing
- Utvikle samhandling med rettleiingstenesta
- Ivareta medverknad mot arbeids- og næringsliv, opplæringskontor og andre samarbeidspartar
- Økonomistyring
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må stette dei formelle krava i Opplæringslova § 17-2. Leiing
Skolen skal ha ei leiing som er fagleg, pedagogisk og administrativt forsvarleg. Ein skole skal leiast av ein rektor. Rektoren skal ha pedagogisk kompetanse, ta del i den daglege verksemda og arbeide med utviklinga av verksemda. Ein rektor kan leie fleire skolar.
Det er ønskjeleg at du:
- har gode leiareigenskapar, relevant leiarerfaring og leiarutdanning
- set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid
- byggjer eit sterkt fagleg profesjonsfellesskap og ein verdibasert kultur som heile tida søkjer vidare utvikling
- vidareutviklar godt arbeidsmiljø og ytringsklima for tillit og samhandling
- har god kjennskap til vidaregåande opplæring og relevant erfaring
- markerer skulen som ein sentral utdanningsinstitusjon i lokalmiljøet og arbeider heilskapleg og forpliktande saman med lokalt arbeidsliv
- opptrer tydeleg som arbeidsgivar og gjennomfører politiske og administrative vedtak
- har praksis frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne
- forståing for god økonomistyring
Erfaring utanfor opplæringssektoren kan òg vektleggjast.
Personlege eigenskapar
Din leiingspraksis er kjenneteikna av at du er:
- open, nytenkjande og byggjer relasjonar prega av tillit
- har evne til å skape tryggleik i krevjande situasjonar
- har gode samarbeidsevner og er samlande, sosial og inkluderande
- har evne til å arbeide målretta, systematisk og løysingsfokusert
Vi tilbyr
- givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidrar til fellesskapet
- deltaking og fellesskap i rektorkollegiet og leiarutviklingsprogram
- løn etter avtale
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Vestland fylkeskommune legg vekt på godt samarbeid, tett dialog og oppfølging mellom rektorane og avdelingsdirektøren for opplæring og kompetanse.
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest.
Kontaktinformasjon
Hillevi Elizabeth Runshaug, regionleiar, 48045397
Arbeidsstad
Søre Myrane 13
5300 Kleppestø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4993341057
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.08.2025