Felles intensivpost og dagkirurgi Stord, Helse Fonna HF
Felles intensiv (FIA) har ledig stilling som Intensivsjukepleiar
Me har ei samansett pasientgruppe med akutt/kritisk sjuke pasientar innan medisinsk, kirurgisk og gynekologisk behandling. Her er 14 senger – 2 intensivsenger, 6 intermediære senger og 5 postoperative senger. Avdelinga er ein del av akuttberedskapen ved hjartestans, hjarteinfarkt, hjerneslag, dårleg barn/nyfødt og traumar. Det er omtrent 30 sjukepleiarar i avdelinga, der fleirtalet er intensivsjukepleiarar.
FIA står i ei endring der avdelinga skal slåast saman med blant anna Dagkirurgisk avdeling, og det kan difor bli aktuelt med arbeid med dagkirurgiske pasientar.
Kva går jobben ut på?
- sjukepleie til akutt og kritisk sjuke pasientar som treng intensiv/intermediær behandling, overvåkning og pleie
- sjukepleie til nyopererte pasientar, hovudsakleg gynekologiske, ortopediske og gastrokirurgiske pasientar
- gje god omsorg for pasient og pårørande
- opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
- respiratorbehandling (Invasiv/NIV – Hamilton C6)
- handtering av avansert medisinsk teknisk utstyr
- inngå i tredelt turnus med 3. kvar helg (16 helger per år)
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- vidareutdanning i intensivsjukepleie er ønskeleg, men minst 2 års relevant sjukehuserfaring kan vege opp for dette
- må ha gode IKT-kunnskapar
- gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er punktleg og påliteleg
- bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- arbeider godt både sjølvstendig og i team
- tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel
- kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du
- ein spennande og utfordrande jobb i ei avdeling med høgt fagleg nivå
- medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- internundervisning kvar veke
- oppfølging av fagutviklingssjukepleiar
- MTU-sertifisering
- to fagdagar i turnus
Kontaktinformasjon
Anne Karin Auestad Karlsen, 97718927, Anne.Karin.Auestad.Karlsen@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4996721386
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.08.2025