Osterøy kommune
Om stillinga
Sektor Helse, omsorg og sosial – Heimetenesta har ledig eit vikariat i 100 % stilling som helsefagarbeidar ved Aktivitetssenteret i Haldorvika, med arbeid kvar 4. helg i heimetenesta. Vikariatet gjeld for perioden 1.september 2025 (eller etter avtale) til 30. april 2026.
Om arbeidsstaden:
Aktivitetssenteret i Haldorvika er ei dagavdeling for heimebuande personar med demenssjukdom. Tilbodet er ope fire dagar i veka og omfattar mellom anna:
- Daglege aktiviteter
- Ein turdag retta mot yngre personar med demens
- Ein dag med oppsøkande verksemd i samarbeid med heimetenesta
Senteret held til på Valestrand og er eit viktig tilbod for brukarane. Det vert lagt stor vekt på miljøarbeid, ADL-trening og sosialt fellesskap som fremjar meistring og livskvalitet.
Heimetenesta yter teneste til heimebuande i alle aldrer som har rett til helsehjelp. Døme på helsehjelp kan vera hjelp til stell, mattillaging, legemiddelutdeling og liknande.
Arbeidsoppgåver
- daglig drift av aktivitetssenter
- inngå i samarbeid rundt brukarane
- ansvar for dokumentasjon i henhold til lover og forskrifter
- utarbeide og vedlikeholde tiltaksplaner i samarbeid med øvrig personale/primærkontakter
- veilede brukere, pårørende og kolleger
Me tilbyr
- Eit meiningsfullt arbeid i eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø
- Godt samarbeid med Osterøy Demensforening og frivillige
- Varierte og utviklande arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Erfaring frå arbeid med personar med demens er ønskjeleg
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
- Førarkort klasse B
- Søkjarar utanfor skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B1 test i norsk.
Kven er du?
Me søkjer ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar med interesse for miljøarbeid og aktivitetar som fremjar helse og trivsel hos personar med demens.
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide – og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!