Hovmester, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, vikariat.

  • Heltid
  • FØRDE, NORGE
  • Publisert: 1 dag siden
  • 16. august 2025

Scandic Hotels Norge

VI HAR ROM FOR DEG – HOVMESTER (MIDLERTIDIG, MED MOGLEGHEIT FOR FORLENGING)

Er du ein engasjert hovmester som brenn for genuine gjesteopplevingar?

På Scandic Sunnfjord Hotel & SPA finn du eit dedikert team som står på kvar dag for å skape minneverdige opplevingar for både lokale og tilreisande gjester. I våre restaurantar, bankettsalar og barar er det ekte vertskap, god stemning og mat laga med berekraftige råvarer som står i sentrum. Vi trur på at alle medarbeidarar har noko unikt å bidra med, og hjå oss får du høve til å skinne.

Vi er opptatt av ei god balanse mellom jobb og fritid, fordi vi veit at trivsel gir energi – og energi skapar gode opplevingar. Som hovmester hos oss får du vere ein del av eit inkluderande miljø, med stolte tradisjonar og fokus på kvalitet i alle ledd.

Dette er ei midlertidig stilling fram til 15. desember, med moglegheit for forlenging hvis behovet vedvarer. Arbeidstida vil vere hovudsakleg på kveldstid, og det må påreknast arbeid både i vekedagar og helger.

Søknader blir vurderte fortløpande, og aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju etter kvart som vi mottar søknaden.

Dine oppgåver som hovmester:

  • Ver vertskap og fyrsteinntrykk for våre gjester i restaurant, selskapslokale og under bankettar.
  • Planlegg og tilrettelegg drift, inkludert vaktlister, bemanning og koordinering med kjøkken og andre avdelingar.
  • Støtte for dine kollegaer – du inspirerer og motiverer teamet i kvardagen.
  • Veilede gjester gjennom menyen med god kunnskap om både mat og drikke, med særleg fokus på lokale og berekraftige råvarer.
  • Ta ansvar som stedfortredar for restaurantsjefen – du har ansvar for eigne selskap og arrangement, og held oversikt over det som skjer i sal og servering.
  • Bidra til eit godt og trygt arbeidsmiljø der samarbeid, glede og stoltheit pregar kvardagen.
  • Jobbe mot avdelinga sine mål, både når det gjeld service, omsetning og gjestetilfredsheit.

Vi verdsetter mangfold og inkludering på arbeidsplassen vår og er interessert i å lære mer om dine behov og eventuelle tilrettelegginger som kan støtte deg i å lykkes i denne rollen. Vi oppfordrer alle kvalifiserte kandidater til å søke uavhengig av funksjonsnivå eller bakgrunn.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted