Intensivsjukepleiar

  • Heltid
  • STORD, NORGE
  • Publisert: 1 dag siden
  • 10. august 2025

Felles intensivpost og dagkirurgi Stord

Felles intensiv (FIA) har ledig vikariat for intensivsjukepleiar med ønsket oppstart snarast mulig.  

Me har ei samansett pasientgruppe med akutt/kritisk sjuke pasientar innan medisinsk, kirurgisk og gynekologisk behandling. Her er 14 senger – 2 intensivsenger, 6 intermediære senger og 5 postoperative senger. Avdelinga er ein del av akuttberedskapen ved hjartestans, hjarteinfarkt, hjerneslag, dårleg barn/nyfødt og traumar. Det er  omtrent 30 sjukepleiarar i avdelinga, der fleirtalet er intensivsjukepleiarar.  

FIA står i ei endring der avdelinga skal slåast saman med blant anna Dagkirurgisk avdeling, og det kan difor bli aktuelt med arbeid med dagkirurgiske pasientar.

Kva går jobben ut på?

  • Sjukepleie til akutt og kritisk sjuke pasientar som treng intensiv/intermediær behandling, overvåkning og pleie
  • Sjukepleie til nyopererte pasientar, hovudsakleg gynekologiske, ortopediske og gastrokirurgiske pasientar
  • Gje god omsorg for pasient og pårørande
  • Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
  • Respiratorbehandling (Invasiv/NIV – Hamilton C6)
  • Handtering av avansert medisinsk teknisk utstyr 
  • Inngå i tredelt turnus med 3. kvar helg (16 helger per år)

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning i intensivsjukepleie er ønskeleg, men minst 2 års relevant sjukehuserfaring kan vege opp for dette
  • Må ha gode IKT-kunnskapar
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • er punktleg og påliteleg 
  • bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • arbeider godt både sjølvstendig og i team 
  • tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel 
  • kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • Ein spennande og utfordrande jobb i ei avdeling med høgt fagleg nivå
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Internundervisning kvar veke
  • Oppfølging av fagutviklingssjukepleiar
  • MTU-sertifisering
  • 2 fagdagar i turnus

Kontaktinformasjon

Anne Karin Auestad Karlsen, 97718927, Anne.Karin.Auestad.Karlsen@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Tysevegen 64
5416 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4996718171
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 11.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted