Førstekonsulent pass/ID

  • Heltid
  • ÅLESUND, NORGE
  • Publisert: 1 dag siden
  • 7. august 2025

Møre og Romsdal politidistrikt

Om stillinga

Vil du bidra i politiet sitt viktige arbeid innan pass og ID? 

Møre og Romsdal Politidistrikt har ledig ei fast stilling som førstekonsulent innan pass og ID ved Ålesund politistasjonsdistrikt, ved seksjon for forvaltning.

Vi søkjer deg som har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar, høg servicegrad og likar å jobbe i førstelinja med publikum. Trivast du også med å jobbe sjølvstendig og ønskjer å bidra inn i det viktige samfunnsoppdraget til politiet, vil vi gjerne høyre fra deg!

Seksjon for forvaltning held til i nye og tidsriktige lokaler på politihuset i Ålesund. Seksjonen har i dag 7 tilsatte med variert bakgrunn, utdanning, erfaring og alder. Primæroppgavene er mottak og registrering av søknader om pass, i tillegg til andre forvaltningsgjeremål som høyrer til seksjonen. 

Stillinga har oppmøtestad ved Ålesund politistasjon.

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Er du serviceinnstilt og ønskjer å bidra inn i det viktige samfunnsoppdraget til politiet, kan dette vere rette stillinga for deg.

Arbeidsoppgåver

 –  Motta og registrere søknad om pass/nasjonalt ID-kort
 –  Personalisere og utstede nødpass
 –  Dokumentbehandling og ID-kontroll
 –  Rettleie publikum anten ved oppmøte eller telefon
 –  Fokus på førebygging gjennom forvaltning    
 –  Oppgjør av kasse  
 –  Halde seg oppdatert på gjeldande lovar, forskrifter og rundskriv innan eige fagområde      
 –  Andre oppgåver etter behov

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • Høgare utdanning med tre år på høgskole/universitet
  • Relevant fagbrev og/eller erfaring kan kompensere for kravet om utdanning
  • Gode norsk og engelskkunnskapar
  • Gode IT-kunnskaper

Det er også ønskjeleg med:

  • Erfaring frå offentleg forvaltning
  • Erfaring frå publikums-/ kundebehandling
     

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. 

Personlege eigenskapar

For å trivast og lykkast i stillinga, ser vi for oss at du

  • Du er beslutningsdyktig og har evna til å jobbe sjølvstendig i tidvis høgt arbeidstempo 
  • Har evne til å kommunisere klart og tydeleg, og tilpasse deg ulike målgrupper
  • Serviceinnstilt
  • Du er ein lagspelar og har gode samarbeidsevne          

Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga vil bli tillagt stor vekt.

Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her:  https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

 

Dette kan vi tilby om du vel oss

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
  • Stillinga vert lønna som førstekonsulent (stillingskode 1408) med årslønn frå kr 495 200 – 570 000 kr 
  • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på www.spk.no
  • Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid
  • Moglegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

        Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

 

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søker ved å skrive et kort søknadsbrev, registrere utfyllende CV og legge ved relevante vitnemål og attester.

Opplysninger om deg kan bli offentliggjort selv om du har anmodet om ikke å bli ført opp på søkerlisten. Dersom anmodningen ikke blir tatt til følge, vil du bli varslet om dette.

 

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted