Lege i spesialisering, barnesjukdomar

  • Heltid
  • HAUGESUND, NORGE
  • Publisert: 2 dager siden
  • 23. august 2025

Barneavdeling, Helse Fonna HF

Vil du være med på ein jobb der ingen dagar er like, og hvor du kan skape tryggleig, glede og gode augeblikk for barn og unge?

Her finn du dyktige kollegaer, mykje humor og ein felles lidenskap for å gi dei minste pasientane våre den beste omsorga. Saman skaper vi både tryggleik og minnerike augeblikk – bli med oss då vel!

Barne- og ungdomsavdelinga er ein del av Medisinsk klinikk og omfattar Barnepoliklinikk i Haugesund og på Stord, Nyfødtintensiv eining, Barn sengeeining og Familieambulatoriet.  Avdelinga har ledig 100 % stilling som LIS 2/3. Oppstartsdato etter avtale.

Vi har for tida 9 overlegestillingar og 7 legar i spesialisering. 

👉 Søk no – vi gler oss til å møte deg!

Kva går jobben ut på?

  • Arbeid ved sengeeining barn, nyfødtintensiv og poliklinikk Haugesund
  • Delta i utgreiing og behandling
  • Deltaking i undervisning
  • LIS-legane går i 7-delt tenesteplan, med aktive vakter

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Du må ha gjennomført LIS1 eller tilsvarande.
  • Norsk autorisasjon.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad .
  • Erfaring frå LIS-stilling ved barneavdeling blir vektlagd.

Personlege eigenskaper vil bli vektlagd.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • Har godt lag med folk og er oppteken av god pasientbehandling.
  • Er god på kommunikasjon.
  • Tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver.
  • Set pris på å samarbeide med kollegaer.
  • Jobbar godt på eiga hand og held oversikt over arbeidsoppgåvene.

Kvifor skal du velje oss?

  • Hos oss får du kollegaer som tek vare på kvarandre og skapar eit godt arbeidsmiljø.
  • Vi har eit sterkt fagmiljø der vi deler kunnskap og utviklar oss saman.

Kontaktinformasjon

Anne Margrethe Øritzland, Avdelingsleiar – barn, +4791875039

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4995195610
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2025
Søknadsfrist: 24.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted