Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har ledig stilling som maskinsjef i sambandet Oldeide-Måløy, p.t. MF Hornelen.
Attraktiv Turnus: Døgnskift med 2 veker på -1 veke av, og 2 veker på -3 veker av. Fri 3 av 4 helger.
Døgnskift gjer at ein bør bu 1 time reisevei frå sambandet.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar og skal sørge for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
- Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
- Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
- Sørge for opplæring av personell under si leiing
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine teikningar og tekniske manualar
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
- Kompetanse på energileiing ihht. kompetansebehov
Kvalifikasjonar
- Minimum M3-sertifikat
- Høgspentkurs
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt
- Fleksibel
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Gode velferdsordningar
- Attraktiv Turnus! 2 veker på -1 veke av, og 2 veker på -3 veker av. Fri 3 av 4 helger.
Kontaktinformasjon
Thea Eliassen, Rekrutteringsmedarbeidar, thea.eliassen@fjord1.no
Arbeidsstad
Oldeide Ferjekai
6727 Bremanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 4996512485
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.08.2025