Miljøarbeidar – natt, Osterøy avlasting

  • Deltid
  • LONEVÅG, NORGE
  • Publisert: 1 dag siden
  • 23. august 2025

Om stillinga 

Bu- og avlastningstenesta gjer tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemningar. 

Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod. 

Me gjer teneste til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming,
autismespekter diagnosar og samansetteutfordringar. 

Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov.
 

Det er no ledig 3 nattevaktstillingar på Osterøy avalsting for barn og unge.

Den eine stillinga er sovande nattevakt på 34,13% med arbeid kvar 4. helg.

Det er 2 vakande nattevakt stillingar ledig på henholdvis 51,41% og 13,33% med arbeid kvar 4.helg.

Den sovande nattevakta på 34,13% kan, om ønskelig, vurderast å kombinerast med den våkande nattevakt stillinga på 13,33%. Det vil då bli arbeid anna kvar helg.

Me leiter no etter deg som er ein trygg person som har hjarta for andre menneske og er god på kommunikasjon og relasjonsbygging
 

Arbeidsoppgåver

  • Miljøarbeid i samarbeid med dine kollegaer
  • Ha fokus på relasjonsbygging for å skape tryggleik og ro
  • Kommunisere på ein god og omsorgsfull måte
  • Følge opp tiltak og prosedyrer 
  • Oppfølging i forhald til kap. 9
  • Legemiddelhandtering
  • Delegerte oppgåver frå din næraste leiar

Kvalifikasjonskrav

  • Fagbrev som helsefagarbeidar/barne- og ungdomsarbeidar. Ufaglærte med relevant erfaring kan også bli vurdert.
  • Ha kunnskap om utviklingshemming, autisme, ADHD 
  • Har erfaring frå arbeid med barn og unge
  • Erfaring med kap 9, tvang og makt, er ønskjeleg
  • Evne til å arbeida målretta og sjøvstendig
  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne
  • Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing
  • Førarkort klasse B er ønskelig
  • økjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg, samt gjennom bestått språktest eller B2 test på
    mellomnivå
     

Vi tilbyr

  • Stort rom for sjølvstendig arbeid
  • Høg fagleg kunnskap blandt dine nye arbeidskollegaer
  • Godt arbeidsmiljø der alle bidrar og drar lasset i same retning
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår, for tida plasserte i KLP

. Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted