Kvinnherad kommune Rosendalstunet
Vi søkjer sjukepleiar i 100 % fast stilling. Til stillinga føl eit rekrutteringstillegg til eksterne søkarar på kr. 50.000,- mot at du binder deg for 2 år.
Er du ein sjukepleiar med hjarte for eldreomsorg og har lyst til å bli ein del av vår flotte gjeng med kompetente fagfolk? Vi søker deg som brenn for profesjonell og verdig eldreomsorg, og som har ei særskild interesse for geriatrisk sjukepleie. Rosendalstunet er lokalisert i Rosendal i vakre Kvinnherad ved Hardangerfjorden, og er ein institusjon for eldre og menneske som treng pleie, omsorg og rehabilitering. Institusjonen har 6 avdelingar – 60 plasser fordelt på langtid, demens og korttid/rehabilitering. Vi kan tilby eit godt fagmiljø innan demensomsorg, i somatisk avdeling og rehabilitering/palliasjon. Vi har godt tverrfagleg samarbeid med stort fokus på rehabilitering og trening i våre flotte treningslokale.
Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg, eller anna turnus med langvakter. Det vert arbeid med moglegheiter for langvakter i vekedagane.
Velferdsteknologi er ein del av vår kvardag, og vi held på med prosjekt "kamerabasert tilsyn".
Flytteutgifter kan bli vurdert dekka heilt eller delvis.
Arbeidsoppgåver:
- Utøva sjukepleiefaglege oppgåver i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav
- Heilheitleg omsorg og pleie
- Samarbeid med pasient, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer på avdeling
- Dokumentasjon av tenestane vi yt
- Legemiddelhandtering
- Rettleie kollegaer, studentar og skuleelevar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Norskkunnskap, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskaper
- Du må vera fleksibel og løysingsorientert.
- Ha gode evner til kommunikasjon
- Kunne arbeida sjølvstendig og samarbeida med andre
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.
Link til søknadsskjema: Søk her