Familiehjelpa

  • Heltid
  • STRAUME, NORGE
  • Publisert: 12 timer siden
  • 9. august 2025

Øygarden kommune Familiehjelpa

 Vi søkjer Landsbyrettleiar og Skulelos i ei kombinert stilling ved Familiehjelpa

Vil du vere med og styrke innsatsen for barn i fosterheim og barn med særskilte skuleutfordringar? Øygarden kommune søkjer ein engasjert og kompetent fagperson som kan kombinere rolla som landsbyrettleiar for barn som bur i fosterheim med oppgåver som skulelos for barn og familiar i oppfølging av Familiehjelpa.

Om stillinga:

Stillinga er delt mellom to ansvarsområde – men utgjer ei samla 100 % fast stilling. Du vil få ein variert og meiningsfull kvardag!

Med utgangspunkt i ordtaket «It takes a village to raise a child» har Øygarden utvikla ein modell for oppfølging av barn, unge og familiar, Landsbymodellen. Modellen bygger på eit systemisk tankesett med eit spesielt fokus på kommunikasjon og samarbeid rundt barna og alle dei vaksne, både private og profesjonelle relasjonar, rundt dei. Barna og deira nærmaste, treng kloke menneske som jobbar for at heile landsbyen kring kvart barn fungerer best mogleg. 

Vi søker etter deg som er fagleg nysgjerrig, nytenkande og relasjonelt modig. Du må like høgt tempo, koordinering og trivast med å rettleie kollegaer.

Som landsbyrettleiar:

Skal du følgje opp barn som bur i fosterheim etter Landsbymodellen. Du vil arbeide inn mot barna og viktige personar i landsbyen deira som  fosterforeldre, foreldre, anna nettverk, skule og/barnehage, helse etc.

Du vil arbeide i tett samarbeid med rettleiarteamet kring barn som bur i fosterheim og barnevernstenesta si omsorgsavdeling.

Som skulelos:

Skal du gi tett oppfølging til barn som, av ulike årsaker, ikkje får tilstrekkeleg utbytte av skulekvardagen. Du skal kartlegg barnet sine grunnleggjande faglege dugleikar, og gje praktisk og individuell fagleg støtte. Eit sentralt mål er å støtte barnet og familien slik at vegen tilbake til ein meir ordinær skulekvardag blir kortare og meir realistisk.

Stillinga er del av Familiehjelpa sitt tverrfaglege team, og du vil samarbeide nært med både interne kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging av barn i fosterheim etter landsbymodellen
  • Samarbeid med barnevernstenesta
  • Rapportering og dokumentasjon
  • Kartlegging og fagleg oppfølging av barn med skulevanskar
  • Støtte og rettleiing til føresette
  • Tverrfagleg samarbeid i og utanfor kommunen
  • Bidra i utviklingsarbeid og førebyggande innsats

 

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent lærarutdanning
  • Vidareutdanning innan familieterapi eller liknande
  • Kompetanse innan fagleg oppfølging og kartlegging av barn
  • Erfaring frå arbeid med barn, familiar og tverrfagleg samarbeid
  • Erfaring frå skule
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

 

Du vil få:

  • Eit fagleg og engasjert arbeidsmiljø som er i utvikling i ein ny og spanande tenesta
  • Tilhøyra eit rettleiarteam
  • Motta fagleg rettleiing/oppfølging
  • Være i tett samskaping med barneverntenesta si omsorgsavdeling
  • Du vil få høve til å arbeide som lærar på ein annan måte enn i tradisjonell undervisning og bidra i eit viktig nybrotsarbeid knytt til skulevegring
  • Gode pensjon og forsikringsordningar

 

Vi treng at du:

  • jobbar sjølvstendig og i team
  • gir rettleiing individuelt og i grupper
  • tar i mot fagleg rettleiing
  • har kompetanse/erfaring innan sentrale fagområde som til dømes tilknyting, traume sorg/tap
  • at du er komfortabel med arbeid i feltet og heimar

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted