Fast stilling for vernepleiar/ sjukepleiar med relevant vidareutdanning 

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 10 timer siden
  • 9. august 2025

Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge/ PBU, Ungdomspost, Helse Bergen HF

Ungdomsposten er ein 5 døgns utgreiings- og behandlingspost med kapasitet til 10 pasientar for ungdom mellom 13 og 18 år med ulike psykiske lidingar. Innlegging er primært basert på frivilligheit men posten er også godkjent for tvang. Dei tilsette på Ungdomsposten, arbeider i snitt kvar 4. helg på Akuttposten.

Oppgåvene til Ungdomsposten er knytt til utgreiing, diagnostisering og utarbeiding/utprøving av tiltak og behandling. Ungdomsposten gir spesialisert helsetilbod til barn og unge med psykiske vanskar, og deira pårørande. Posten er tverrfagleg bemanna med miljøterapeutar med hovudvekt på sjukepleiarar og vernepleiarar, samt barnevernspedagogar og studentar innan helse- og sosialfag. På behandlarsida har vi barne- og ungdomspsykiatere, psykolog/ psykologspesialistar, – samt legar i spesialisering (LIS).

Vi søker erfarne, engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. For å få ein variert balanse i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.

Alle i personalgruppa skal fortrinnsvis ha særskild kompetanse for å arbeide med ungdom med psykiske lidingar. Det er ønskeleg at eit fleirtal av personalet skal ha spesialisering eller vidareutdanning innan sitt fagfelt.

Vedkommande som får tilbod om tilsetting, må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.

Arbeidsoppgåver

  • Pasientoppfølging/miljøkontakt i post – observere, kartlegge og dokumentere pasientane sine behov, samt iverksette miljøterapeutiske tiltak
  • Kvar pasient har eit team knytt til seg beståande av 2 miljøkontaktar og ein behandlar som samarbeider tett om inntak, utgreiing og behandling av pasienten
  • Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grenser for kvar enkelt pasient
  • Å ha kontakt med pårørande blir sett på som ein naturleg del av det miljøterapeutiske arbeidet
  • Inntak av nye pasientar
  • Praktiske oppgåver
  • Ansvarsvakt
  • Administrering av legemiddel

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar med relevant vidareutdanning
  • Erfaring innan psykisk helsearbeid
  • Fagleg engasjement innan psykisk helsearbeid
  • Må ha grunnleggande IKT-kompetanse
  • Ønskeleg med kunnskap om EPJ (elektronisk pasientjournal)
  • Må meistre norsk, både munnleg og skriftleg godt
  • Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna

Personlege eigenskapar

  • Har respekt for den enkelte pasient
  • Er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
  • Har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksibel
  • Har gode kommunikasjonsevner
  • Har evner til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/eller agiterte pasientar
  • Er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg handling
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Er motivert til  å arbeida i eit aktivt og travelt miljø, og har høg arbeidsmoral

Vi tilbyr

  • Arbeid i snitt kvar 4. helg
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Internundervisning
  • Fagdagar blir lagt fast i turnus x 2 pr. år med tema som er knytta til kva posten har behov for
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Rettleiing av ekstern rettleiar kvar 4 veke for fast tilsette
  • Alle tilsette får 2 dagars grunnkurs i Map trening. (møte med aggresjons-problematikk)
  • Regelmessig Map trening ligg fast i turnus
  • Introduksjonskurs/brannkurs m.m via læringsportalen
  • Fadderordning for nye medarbeidarar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • PBU er ein IA- bedrift, inkluderande arbeidsliv for ivaretaking av arbeidstakarar ved sjukdom

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ingunn Prestegard, Assisterende seksjonsleiar, 55976399
Astrid Bjorøy, Seksjonsleiar, 55975844

Arbeidsstad

Haukelandsbakken 15
5021 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 4991416315
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted