Teknologi og utvikling Ålesund (AT), Helse Møre og Romsdal HF
Er du klar for nye leiarutfordringar?
Seksjon for eigedomsdrift ved Volda sjukehus har ansvar for drift og vedlikehald av bygg, tekniske anlegg, teknisk utstyr og uteområde.
Seksjonen har i dag ni dyktige medarbeidarar med brei fagkompetanse innan elektro, svakstraum, tømrararbeid, gartnartenester, rørlegging, VVS, byggautomasjon, mekanisk verkstad m.m.
Vår mangeårige seksjonsleiar går snart av med pensjon, og vi søkjer derfor ein engasjert og erfaren leiar med teknisk bakgrunn og leiarerfaring. Dersom du ønskjer ein meiningsfull og variert arbeidskvardag, der du får vere med og utvikle Volda sjukehus vidare, kan dette vere stillinga for deg!
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Vere fysisk til stades ved Volda sjukehus
- Personalansvar for medarbeidarane i seksjonen
- Budsjett- og resultatansvar
- Ressursplanlegging og kompetanseutvikling
- Sikre at seksjonen blir driven i tråd med overordna føringar, fullmakter og økonomiske rammer
- Samarbeide tett med både interne og eksterne aktørar
- Skape god kommunikasjon og eit helsefremjande arbeidsmiljø
- Leie etter føretaket sine kjerneverdiar: kvalitet, tryggleik og respekt
Kvalifikasjonar
- Gode leiareigenskapar og erfaring frå leiarstillingar
- Høgskule- eller universitetsutdanning
- Erfaring med drift og vedlikehald av bygg, tekniske anlegg og utstyr
- Førarkort klasse B
- Relevant praksis og leiarerfaring kan kompensere for utdanningskravet
Personlege eigenskapar
- Du samarbeider godt og bygg sterke relasjonar
- Du er handlekraftig, endringsvillig og kommuniserer på ein måte som motiverer og inspirerer
- Du er strukturert, sjølvstendig og tek ansvar
- Du har god skriftleg og munnleg formidlingsevne
- Du har ei positiv haldning og god serviceinnstilling
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi tilbyr
- Eit stimulerande og utviklande arbeidsmiljø
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i offentleg pensjonsordning med gode forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Robert Reed, Avdelingssjef, 916 81 445, robert.reed@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kløvertunvegen 1
6103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4992505884
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025