Funksjonsleiar

  • Heltid
  • VALEN, NORGE
  • Publisert: 3 dager siden
  • 16. august 2025

Avdeling psykisk helsevern Valen sjukehus

Vil du leie eit erfarent og engasjert fagmiljø?
– da kan funksjonsleiarstilling ved Akuttpost på Valen sjukehus, Helse Fonna, vere noko for deg.

Valen sjukehus er ein tradisjonsrik instutisjon – sidan 1910, og har heile tida framstått moderne i si samtid med hensyn på humanistisk tilnærming og når det gjeld å ta i bruk nye behandlingsformer.

Akuttpost Valen ligg på Valen sjukehus og har åtte behandlingsplassar for Folgefonn DPS og Stord DPS sitt opptaksområde. Akuttposten skal gjere gode psykiatriske vurderingar, gi fokusert og kortvarig behandling eller tilvise til behandling på rett nivå.

Vi søker ein engasjert , entusiastisk funksjonsleiar med solid fagkunnskap innan psykisk helsevern og som vil bidra aktivt i vidare utvikling av gode og framtidsretta tenester innan akuttpsykiatri.

Kva går jobben ut på?

  • Som funksjonsleiar har du det overordna drifts- og sjukepleiefaglege ansvaret for eininga. Du skal sikre at den daglege drifta skjer i samsvar med lover, forskrifter og interne retningslinjer.
  • Realisere eininga sine oppgåver i tråd med avdelinga sitt mål.
  • Bidra til at eininga har systematisk utvikling av tenestene og høg fagleg standard.
  • Bidra til godt samarbeid internt og med eksterne samararbeidspartar.
  • Ansvarleg for oppfølging av medarbeidarane og legge til rette for utvikling.
  • Bemanningsplanlegging

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid
  • Leiarutdanning og/eller erfaring frå leiing
  • Bemanningsplanlegging og budsjettstyring
  • Gode norsk kunnskaper er helt avgjørende for forsvarlig pasientbehandling. Søkere med annet morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregående skule, må ha bestått Bergens testen, eller anna norsk test på B2 nivå. Dokumentasjon må vedlegges søkanden. 

Kva vi ser etter hos deg

Hos oss er det viktig at du

  • forstår samanhengar og har blikk for både detaljar og heilskap
  • kommuniserer tydeleg og samarbeider godt med ulike faggrupper
  • inkluderer dei rundt deg og skaper retning og tryggleik i leiarrolla
  • jobbar strukturet og følgjer opp det du har sett i gang
  • har god kapasitet og klarer å stå i eit høgt tempo når det krevst
  • er lojal i høve til avgjerdsler og retningslinjer

Kvifor skal du velje oss?

  • – Du får bidra til tryggleik og behandling for menneske som treng deg.
    – Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og tett samarbeid.
    – Vi legg godt til rette for fagleg utvikling – med opplæring, rettleiing og internundervisning som del av kvardagen.

    Valen sjukehus ligg i vakker vestlandsnatur med fjell, fjord og fonn i nærleiken.
    Dersom dine fritidsinteresser rettar seg meir mot det kulturelle, har kommunen eit aktivt kulturtilbod. Rosendal med baroniet ligg 30 minuttar unna med bil. Regionssenteret Husnes med kino, kjøpesenter og skule -og idrettsenter er ein 10 minutt kjøretur unna. Kommunen er også kjent som ein ein aktiv festivalkommune

Kontaktinformasjon

Marianne Lund Anderssen, Avdelingsleiar, +47 53466407

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 15
5451 VALEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4994862245
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2025
Søknadsfrist: 17.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted