Poliklinikk rusbehandling TSB Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Vil du jobbe med rusfag og bidra til betre livskvalitet for andre?
Avdeling TSB har ledig eit vikariat i 100 % stilling som behandlar i vårt LAR-team, lokalisert ved Nordlandet DPS i Kristiansund.
Vi søkjer deg som er autorisert sjukepleiar eller vernepleiar – gjerne med relevant vidareutdanning. Målet vårt er å bidra til at pasientar med rus- og avhengnadsproblem opplever meistring og auka livskvalitet. Arbeidet omfattar individuelle samtalar og tett samarbeid med andre tenester.
Som LAR-behandlar får du hovudansvar for oppfølging av pasientar som får legemiddelassistert rehabilitering (LAR). Du vil arbeide tett saman med to andre LAR-behandlarar og vere ein del av det tverrfaglege fagmiljøet i poliklinikken i Molde, som inkluderer lege, psykolog, sjukepleiarar og sosialarbeidarar.
Du må trivast både med sjølvstendig arbeid og med samarbeid i team. Vi søkjer deg som er strukturert, trygg i rolla di og ser moglegheiter i ein variert arbeidskvardag.
Arbeidstida er for tida kvardagar kl. 08.00–15.30. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølgingsansvar for pasientar i planlagde og strukturerte forløp
- Eiga pasientportefølje i LAR med hovudansvar for oppfølging
- Medikamenthandtering og gjennomføring av overvaka legemiddelinntak
- Dokumentasjon og sakshandsaming i tråd med nasjonale faglege retningslinjer for TSB
- Samarbeid med fagpersonar frå spesialisthelsetenesta, kommunen og andre relevante instansar
- Internt samarbeid mellom Molde og Kristiansund – noko reising må påreknast (tenestebil er tilgjengeleg)
- Bidra med ditt faglege perspektiv i tverrfaglege drøftingar
- Noko ambulant verksemd må påreknast – eigen tenestebil vert stilt til disposisjon
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Ønskjeleg med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og rus – annan relevant kompetanse kan vurderast
- Erfaring frå rus- og psykisk helsearbeid er ein fordel
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar (eller anna skandinavisk språk), både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Fleksibel, positiv og nytenkjande
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Strukturert og systematisk i arbeidsforma
- Gode relasjonelle ferdigheiter
- God skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Rettleiing og fast internundervisning
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og gunstige forsikringsvilkår
- På sikt vil LAR-teamet bli samlokalisert med vaksenpsykiatrisk poliklinikk ved SNR Kristiansund.
Kontaktinformasjon
Elisabet Kallset, Teamkoordinator, 90035212, elisabeth.kallset@helse-mr.no
Merethe Wenaas, Konst. seksjonsleiar, +47 97580780, Merethe.Wenaas@helse-mr.no
Arbeidsstad
Strandgata 1
6415 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4989407330
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 22.08.2025