Overlege Palliativt team SNR

  • Deltid
  • HJELSET, NORGE
  • Publisert: 1 dag siden
  • 30. juli 2025

Kreftbehandling og palliasjon Nordmøre og Romsdal, Helse Møre og Romsdal HF

Har du eit brennande engasjement for palliasjon, eller ønskjer du å byggje kompetanse innan feltet? Då kan dette vere stillinga for deg.

Palliativt team ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) har ledig eit vikariat i 50 % stilling. Arbeidstida er måndag til fredag, utan vaktbelastning. Stillinga er fleksibel og kan tilpassast anna arbeid. Oppstart er snarast mogleg, men startdato kan avtalast.

 

Palliativ medisin er eit fagområde i utvikling og rettar seg mot pasientar med ulike grunnsjukdomar. Fellesnemnaren er behovet for spesialisert behandling for optimal lindring. Palliativt team fungerer som rådgivande eining og samarbeider tett med helsepersonell både i sjukehus og i kommunane. Teamet støttar dei som har dagleg kontakt med pasientar og pårørande, og bidreg til at desse får naudsynt kunnskap og informasjon for å kunne tilby best mogleg omsorg og lindring.

Teamet har òg direkte kontakt med pasientar og pårørande gjennom oppfølging og samtalar på sjukehus, poliklinikk, i heimen og på institusjon. Ved komplekse tilfelle med avansert symptomlindring eller omfattande behov for koordinering, rådgiving eller samtalar, spelar teamet ei meir direkte og sentral rolle.
Palliativt team består av lege og sjukepleiarar, og samarbeider tett med andre spesialiserte faggrupper ved sjukehuset. Det tverrfaglege teamet har faste, vekentlege møte der fysioterapeut, ergoterapeut, sosionom, klinisk ernæringsfysiolog og prest deltek i tillegg til lege og sjukepleiar.

 

Vi tilbyr spesialisert palliasjon til inneliggjande og polikliniske pasientar ved SNR, og samarbeider med alle kommunane som soknar til sjukehuset. Sjukehuset på Hjelset er planlagt med to palliative senger der palliativt team vil delta i previsittar og planlegging av behandling og lindring. Det må påreknast arbeid både ved SNR Hjelset og Kristiansund sjukehus.
Stillinga kan òg nyttast som vidare- eller etterutdanning for legar innan andre spesialitetar.

 

Om Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal:

  • Kreftpoliklinikkar og palliative team ved sjukehusa i Kristiansund, Molde og Volda
  • Sengepost, kreftpoliklinikk og palliativt team i Ålesund
  • Stråleterapieining ved Ålesund sjukehus
  • Spesialisert rehabilitering, hud og revmatologi inngår òg i klinikken

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid, inkludert polikliniske konsultasjonar, vurdering av tilvisingar, tilsyn ved ulike avdelingar og heimebesøk
  • Rådgiving til helsepersonell
  • Deltaking i kliniske studiar
  • Undervisning
  • Nettverks- og systemarbeid
  • Noko administrativt arbeid

Kvalifikasjonar

  • Det er ein fordel om du har lang erfaring som lege, gjerne innan allmennmedisin og/eller palliasjon
  • Emnekurs i palliasjon er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Du deler kunnskap med andre og er trygg i klinisk arbeid
  • Du likar å undervise og rettleie
  • Du har evne til å byggje system og struktur i helsetenesta

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Trivst i eit aktivt og tidvis travelt arbeidsmiljø
  • Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • Arbeider sjølvstendig og er ansvarsbevisst
  • Har gode kommunikasjonsferdigheiter

Personleg eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Ragnhild Bjerkås, Seksjonsleiar, +47 90594358, Ragnhild.Bjerkas@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4991832925
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Søknadsfrist: 31.07.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted