Universitetet i Bergen
UiB – Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Stipendiat
Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i boreholgeofysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning), og vil bli rettleia i fellesskap av professor Morten Jakobsen (hovudrettleiar) og forskarar ved NORCE (medrettleiarar).
Stillinga er ledig omgåande, og vi søkjer ein kandidat som kan starte så snart som mogeleg.
Om SFI Digiwells
Stillinga er knytt til Senter for forskingsdriven innovasjon DigiWells: Digital Well Center for Value Creation, Competitiveness and Minimum Environmental Footprint. DigiWells er eit forskingssenter som involverer forskarar ved NORCE, industriekspertar og professorar frå UiS, NTNU og UiB. Senteret er vertskap for eit levande forskingsmiljø av ph.d.-studentar og postdoktorar. DigiWells fremjar eit tverrfagleg og innovativt miljø.
Avhengig av forskingsinteresser kan stipendiaten samarbeide med og vitje internasjonale partnarar som UT Austin og TU Delft. Kandidaten vil òg ha moglegheit og ansvar for å presentere forskinga si for senteret sine industrielle partnarar: Aker BP, ConocoPhillips, Equinor, Vår Energi, Total og Harbor Energy. Senteret legg vekt på innovasjon, med mål om at forskingsresultata skal bidra til digitalisering og grøn omstilling.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Det overordna målet med dette ph.d.-prosjektet er å utvikle metodar for sanntidsmodellering og inversjon av geofysiske brønnloggar, med særleg fokus på elektromagnetiske data frå borehol under boring. Dette inkluderer vidareutvikling og bruk av hurtigløysarar for Maxwells likningar og ikkje-lineære inversjonsalgoritmar som vi allereie har utvikla i eit tidlegare doktorgradsprosjekt.
I tillegg til elektromagnetisk geofysikk, er det forventa at kandidaten bidreg til utvikling av nye arbeidsflytar for felles inversjon av fleire datatypar (t.d. akustiske eller seismiske data frå borehol) i samanheng med geostyring.
Dei spesifikke oppgåvene vil bli tilpassa bakgrunnen til kandidaten og dei utviklande behova til senteret. Moglege retningar inkluderer bruk av bergartsfysiske modellar, bayesianske inversjonsmetodar og maskinlæringsalgoritmar i ein elektromagnetisk samanheng.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geofysikk eller eit nært beslekta felt som anvendt matematikk eller teoretisk/berekningsorientert fysikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei forventar å fullføre den endelege mastereksamen før 01.10.2025. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Solid erfaring med numeriske metodar for å løyse partielle differensiallikningar (t.d. diffusjons- eller bølgjelikningar) er eit krav.
- Ferdigheiter innan minst eitt av dei følgande områda er eit krav:
- Numeriske metodar for store, ill-posed ikkje-lineære inverse problem
- Numeriske optimaliseringsteknikkar
- Maskinlæring
- Gode programmeringsferdigheiter i Matlab og/eller Python er eit krav. Desse bør dokumenterast, t.d. gjennom en GitHub-profil eller liknande.
- Kjennskap til numeriske metodar for å løyse Maxwells likningarer, særleg i sammenheng med boreholsgeofysikk, er ein stor fordel.
- Erfaring med effektive mediumteoriar er ein fordel.
- Kandidatar utan direkte erfaring frå geofysikk kan også vurderast, forutsett at ein kan vise til sterke ferdigheiter i matematisk modellering og ein tydeleg motivasjon for å arbeide med anvendte geofysiske problemstillingar.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi kan tilby:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø, inkludert eit omfattande nettverk av internasjonale samarbeidspartnarar.
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Morten Jakobsen, Institutt for geovitenskap, e-post: Morten.Jakobsen@uib.no / +47 55583418 ellerseniorforskar Nazanin Jahani, NORCE, naja@norceresearch.no / +47 51875089.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Mathilde Høgalmen, e-post: mathilde.hogalmen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5