Assistent i eldreomsorg

Årdal kommune Pleie og omsorg

Har du ledig tid i helgene? Kan du tenka deg å arbeida med eldre?

 

Me har ledig helgestilling som kan passa for elevar/studentar og andre (ein bør vera fylt 18 år);

–       21% fast stilling som assistent ved Årdal sjukeheim.

 

Korleis vil arbeidsdagen din sjå ut som assistent?

Som assistent vil arbeidsoppgåvene i hovudsak vere heilskapleg pleie og omsorg for pasientar på institusjon og heimebuande. Eksempel på arbeidsoppgåver er: utføre grunnleggande stell, hjelpe pasientar med å ivareta si personlege hygiene, bistå under måltider, hjelpe pasientar som  ikkje klarer å ete sjølv, halde pasientrom ryddige, delta i aktivitetar med pasientane, skylleromsarbeid og ansvar for lager på sjukeheimen.

Me jobba med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar enkelt i kvardagen for å ha ein god livskvalitet. Du vil få ansvar for journalføring og kommunikasjon med pasient og pårørande utifrå retningslinjer.

 

Kan arbeid som assistent passe for deg?

–       For assistentstillingar er det ikkje krav om utdanning, men personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

 

Personlege eigenskapar me ynskjer i vår teneste:

–       Fleksibel, ansvarsbevisst og sjølvstendig

–       God på samarbeid

–       Likar ein aktiv og til tider travel arbeidskvardag

–       Omsorgsfull og positiv

–       Interesse for eldreomsorg, og alltid jobbe for det beste for pasienten

–       Du må kunne beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.

 

Kva kan me tilby deg?

Me kan tilby ein meiningsfull jobb med trygge og forutsigbare rammer. I Årdal kommune har me gode pensjons- og forsikringsordningar, samt bedriftshytte på Skeikampen. Du vil bli løna utifrå utdanning og praksis jamfør hovudtariffavtalen.

Det er årsturnus ved Årdal sjukeheim, då tenesta er i døgnkontinuerlig drift. Det er moglegheit for lange vakter på helg.

 

Ring oss gjerne for ein utforplikta prat.

Link til søknadsskjema: Søk her

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted