Rogne barnehage, Øystre Slidre kommune
Vil du bli ein del av teamet vårt i barnehagen?
Me søkjer deg som likar å vere ilag med born – inne og ute, som er kreativ, har humor og ser moglegheiter også i ein krevjande kvardag.
Rogne barnehage er ein 3 -avdelings barnehage med 110 plassar. Barnehagen var ny i 2015, med både store og mindre avdelingsrom, slik at fleksibiliteten er stor innanfor å dele avdelingane inn i mindre grupper. Barnehagen ligg i naturvenlege område, og me har fleire turmål, både i skog og ved fjord. Me er nært knytt til Rogne skule og idrettsanlegget ved Solhaug.
Vi samarbeider med dei andre barnehagane i kommune og Region Valdres med bl.a profesjonsveiledning av nyutdanna barnehagelærarar.
Frå hausten 2025 og i to år framover, skal barnehagen, i lag med dei andre barnehagane og skulene i kommunen, være deltakar i Læringsmiljøprosjektet. Dette er eit nasjonalt prosjekt som har som hovudmål å utvikle trygge og gode barnehage- og skulemiljø. Prosjektet skal vektlegge arbeid på både individ, gruppe og systemnivå og utvikle barnehagen som lærende organisasjon.
Visjonen til barnehagen er "For barna".
Primært søkjer vi etter personar med fagbrev innanfor barne- og ungdomsarbeiderfaget, men andre søkjarar kan også bli vurdert.
Vi har ledig:
- Inntil 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 15.08.25 til 14.08.26
- Inntil 60-100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå ca. 01.11.25 til 14.08.26.
Det kan også bli ledig fleire stillingar.
Barnehagane i Øystre Slidre treng også tilkallingsvikarar, ta direkte kontakt eller send ein open søknad.
Arbeidsoppgåver
- Være ein aktiv bidragsytar i planlegging og tilrettelegging av det pedagogiske arbeidet i barnehagen
- Delta i det pedagogisk og praktisk arbeid i lag med ungane
- Foreldresamarbeid
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeiderfaget er ynskjeleg, men andre kan bli vurdert
- Det er ynskjeleg med praksis frå barnehage
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Det er krav om politiattest ved tilsetting.
Personlege eigenskapar
- Evne til å skape gode relasjonar både til barn, foreldre og medarbeidarar
- Evne til å utvikle barnehagen og sjå løysningar
- Evne til å sjå at barndommen har ein eigenverdi
- Evne til å bruke seg sjølv i ein hektisk kvardag
- Ha humor og glede
- Vere påliteleg
- Delta aktivt i personalgruppa og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Arbeidsmiljø med dyktige og positive medarbeidarar
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Anne-Kari Gjerdalen, Styrar, +47 95733837
Arbeidsstad
Solhauglie 8
2943 Rogne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
Referansenr.: 4993667174
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 31.07.2025