Rådgiver/ avdelingsingeniør

  • Heltid
  • ÅLESUND, NORGE
  • Publisert: 7 dager siden
  • 6. september 2025

Vatn og avløp, Kommunalområde Samfunn

Er du utdanna ingeniør eller jurist med kompetanse innan forureiningsregelverket og offentleg forvaltning? Er du interessert i miljø og naturen rundt oss?
Då er du kanskje vår nye saksbehandlar.

Som saksbehandlar i Verksemd Vatn og avløp får du vere med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag. Du vil få faglige utfordringar og saker relatert til eit stort og variert område. Du vil òg bidra til å styrke avdelinga si rolle som ansvarlig myndigheitsutøver.

Avdeling Myndigheit har for tida åtte tilsette og er ei av tre avdelingar i Verksemd for Vatn og avløp i Ålesund kommune.  Avdelinga er tillagt kommunen si myndigheit etter forureiningsregelverket, som til dømes utsleppsløyve, forsøpling og forureining. Avdelinga har tilhaldsstad på rådhuset  i Ålesund sentrum.

Avdelinga har tilsette med kompetanse innan fagfelta teknisk, juridisk, økonomi og merkantil. Med bakgrunn i auka tal på saker ønskjer vi å styrkje fagmiljøet med ein saksbehandlar, til dømes ein ingeniør eller ein jurist.

Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling  – myndigheitsutøving etter forureiningsregelverket
  • Kommunisere både skriftleg og munnleg med brukarar/abonnentar og andre offentlege myndigheiter
  • Utarbeide og revidere lokale forskrifter og andre regelverk/normer
  • For den som har interesse for det, vil det også vere mulig å delta i utviklingsarbeid knytt til arbeidsmetodikk og organisering av kommunen sitt arbeid på fagområdet
  • Andre oppgåver og saksbehandling innan verksemda sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonar

  • Bachelor eller master innan vatn og avløp, miljø- eller kommunalteknisk område eller Master i rettsvitenskap eller cand jur
  • For søkjarar med anna utdanning kan relevant erfaring kompensere for utdanningskravet
  • God kjennskap til forvaltningslova og forureiningsregelverket
  • Erfaring frå eller med offentleg forvaltning er ein fordel
  • Gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Interesse for miljøsaker og samspel mellom offentleg mynde og utbyggjar/verksemd/abonnent/innbyggjar
  • Evne til å finne løysingar i kryssingspunktet mellom ulike interesser
  • Du trivst med å rettleie, og kan handsame ulike synspunkt
  • Du ønskjer sjølvstendig ansvar innanfor fagfeltet og ønskjer å byggje kompetanse basert på eigne og
    avdelinga/verksemda sine erfaringar på ein konstruktiv måte
  • Du er ein lagspelar og har gode samarbeidsevner
  • Du er resultatorientert og liker å vere del av eit fellesskap med høg aktivitet

Vi tilbyr

  • Fagleg utfordrande og utviklande arbeidsoppgåve i eit tverrfagleg miljø med variert kompetanse
  • Opplæring og gode muligheiter for kurs, etter- og vidareutdanning – dette etter avtale med leiar
  • Fleksibel arbeidstidsordning basert på normalarbeidstid
  • God pensjonsordning
  • Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Rose Mari Refsnes, Avdelingsleiar, 911 56 432, rose.mari.refsnes@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Keiser Wilhelms g. 11
6003 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kommunalområde Samfunn

Referansenr.: 4988507436
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.09.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted