Er du sjukepleiar og vil vere med å utvikle ei bærekraftig og framtidsretta heimeteneste? Heimetenesten i sentrum lyser ut fast 75 % nattstilling.
Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarleg medarbeidar som vil trivast i eit hektisk miljø der ein må kunne omstille seg raskt. Du må kunne jobbe sjølvstendig og i team med dyktige kollegaer som støttar kvarandre gjennom heile vakta.
Vi sikrar fagkompetanse gjennom døgnet og året med oppgåvedeling og årsplanlegging. Du vil derfor inngå i teamet av nattevakter som i dag består av helsefagarbeidarar og sjukepleiarar. I tillegg er det tett samhandling med nattevakt i tenesten for psykisk helse og rus. Saman utgjer de natt-teamet i ambulerande teneste i sentrum.
Vi har fokus på å støtte opp under brukar sine eigne ressursar for å kunne leve mest mogleg sjølvstendig liv. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg. Tenesten som blir ytt skal vere av høg kvalitet. Bruk av velferdstekologiske løysingar skal auke og tenesten er mottak for varsel knytt til all teknologi som er i bruk (t.d. tryggleiksalarmar, medisindispensar, døralarm, roommate). I drift nyttar ein digital arbeidsliste.
Du vil få nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom fagsystem, e-læring, kurs og fagdagar.
Arbeidsoppgåver
- Utøving av helsetenester til heimebuande, utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
- Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
- Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Veiledning og opplæring av medarbeidarar
- Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer
Kvalifikasjonar
- Søkjaren må vere off. godkjent sjukepleiar
- Relevant arbeidserfaring er ein fordel
- Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen nytta nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- Du må ha førarkort klasse B
- Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Du er utviklingsorientert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du arbeider målretta, strukturertog sjølvstendig
- Du trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø der du må kunne omstille deg raskt
- Du er engasjert, løysingsorientert og tek ansvar
- Søkjer faglege utfordringar
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Kompetanseheving gjennom e-læring, internundervising og kurs
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Arbeidsvilkår: natt inkl. helg.
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 GR2 – stillingar med krav om høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 – Sjukepleiar
Vi tilbyr rekrutteringstilskot til nytilsette mot bindingstid.
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Nina Ulstein, Avd.leiar heimetenester vest, 953 60 759, nina.ulstein@orsta.kommune.no
Sigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar Heimetenester, 48010415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 24
6153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 4987355939
Stillingsprosent: 75%
Fast
Søknadsfrist: 03.08.2025