Ortopedisk avdeling Haugesund sjukehus
Velkomen som søkjar til eit triveleg arbeidsmiljø og ein spennande arbeidsplass.
Ved ortopedisk poliklinikk utreder vi og behandlar sjukdom og skade i kroppen sitt bevegelsesapparat. Her møter du legar, sjukepleiarar og helsesekretærar.
Vi er (fram til nytt sjukehusbygg står ferdig i 2027/28) samlokalisert med andre kirurgiske poliklinikkar (uro, gastro,kar/generell poliklinikk) som gjer at vi har eit stort og sosialt arbeidsmiljø, og eit godt samarbeidsmiljø mellom dei ulike fagfelta.
Stillinga er ledig frå 25.08.25 og vi gler oss til å få ein ny kollega med på laget!
Kva går jobben ut på?
- Skrankefunksjon felles kirurgisk poliklinikk
- Betjene telefon
- Pasientadministrative oppgåver
- Rettelister/rapporter
- Bestille pasientreise/ambulanse/tolkebestillinger
- Innhente prøvesvar/undersøkjingar frå andre sjukehus
- Svare på dialogmeldinger
- Førefallande oppgåver
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Helsesekretær/sekretær
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Relevant sjukehuserfaring er ein fordel
- Gode datakunnskapar
- Søkjarar må vere fylt 18 år
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er engasjert og serviceinnstilt
- likar å lære og er tilpasningsdyktig
- er strukturert
- har gode kommunikasjonsevner
- er sjølvstendig og initativrik
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kari Elisabeth Heggland,, Funksjonsleiar, +47 52732450
Arbeidsstad
karmsundsgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4973944819
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2025