Rådgivar økonomi

  • Heltid
  • MOLDE, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 13. august 2025

Kompetanse- og næringsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune

Vil du vere med å utvikle kompetanse- og næringsområdet?

Vi ser etter en ny kollega som ønsker en karriere innan økonomi og offentleg forvaltning. Er du glad i å arbeide med tall, samt interessert i å lage og formidle gode analysar? Da er du den vi leitar etter!

Hos oss vil du få moglegheita til å jobbe tett på heile kompetanse- og næringsområdet, og vere ein del av eit fagleg dyktig økonomiteam. Vi arbeider med å få på plass økonomiske rammer for dei ulike områda vi er sette til å forvalte. 

Arbeidsoppgåver

Vårt økonomiteam jobbar med ei rekke oppgåver som til dømes koordinering av arbeidet med økonomiplan med handlingsprogram, budsjett og rapportering, rekneskapsføring, fakturabehandling, løn og personaloppgåver.

Dine arbeidsoppgåver vil omfatte budsjettering, rekneskap/prosjektrekneskap, innkjøpsanalysar, rapportering og formidling.

I tillegg vil du arbeide tett saman med næringsområde med tilskotsforvaltning og oppfølging av økonomi knytt til internasjonale prosjekt.

Kven ser vi etter? 

Som vår nye rådgivar økonomi har du:

  • høgare utdanning innan økonomi og administrasjon, helst på masternivå.
  • gode munnlege og skriftlege formidlingsevner på norsk.

      Relevant erfaring er en fordel

      Nyutdanna blir oppfordra til å søke på stillinga. For oss tel ikkje praktisk erfaring som alt, men kva du først og fremst kan tilføre i stillinga og teamet vårt.

Som person er du systematisk og nøyaktig, og likar å sjå samanhengar. Du blir motivert av utvikling og framdrift, samt klarer å prioritere arbeidsoppgåver og kan levere raskt på bestillingar med korte fristar. Du har sans for formidling og trivast med samarbeid. 

Kvifor velje oss

  • Kompetanse- og næringsavdelinga: Vi er ei samansett avdeling der ulike fagområda møtest. Saman er vi drivne av vårt samfunnsoppdrag med fokus på utvikling og å vere ein tydeleg medspelar i regionen vår.
  • Sterkt fagmiljø: Vi har eit sterkt fagmiljø i avdelinga som verdset kunnskapsutveksling på tvers av våre fagområde. Hos oss vil du få unik innsikt i ei rekke fagfelt og tematikkar.
  • Utviklingsmoglegheiter: Du vil få handlingsrom til å utvikle økonomiområdet og moglegheita til å ta i bruk nye teknologiar i tråd med framtidige krav.
  • Oppfølging og støtte: Du vil få tett oppfølging i rolla som økonomi rådgivar. For oss er det viktig at du som medarbeidar føler tillit, tryggleik og meistring i arbeidskvardagen. Du vil vere med på å forme din eigen onboardingprosess, slik at vi sikrar at alt ligg til rette for at du kjem godt inn i rolla og oppgåvene dine.
  • Fordelar: Du får offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring og løn etter avtale.

    Stillinga er lokalisert på fylkeshuset i Molde.

 

Motivert til å søke? 

Vi ser fram til å høyre frå deg! Last opp din CV, vitnemål og relevante attestar. I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ønsker vi at du skriv nokre ord om din motivasjon for stillinga, samt kva du kan tilføre i rolla som rådgivar og til teamet.

Hos oss i kompetanse- og næringsavdelinga ønskjer vi å leggje til rette for at alle kandidatar skal ha like moglegheiter i søknadsprosessen. Vi ønskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmuntrar alle til å søke.

Dersom du har spørsmål om stillinga eller arbeidsoppgåvene, oppfordrar vi deg til å ta kontakt med assisterande kompetanse- og næringsdirektør Monica Kjøl Tornes.

Viss du har spørsmål knytt til korleis rekrutteringsprosessen vår ser ut, og korleis vi kan leggje til rette for deg, ta kontakt med Hedda Sætherskar, HR- og kvalitetsrådgiver på kompetanse- og næringsavdelinga på hedda.bronnestad.setherskar@mrfylke.no 

   

Kontaktinformasjon

Monica Kjøl Tornes, Assisterande kompetanse- og næringsdirektør, +4797195375, monica.kjol.tornes@mrfylke.no

Arbeidsstad

Julsundvegen 9
6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 4993003109
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted