Avdelingsleiar i Heimetenesta

  • Heltid
  • DALEKVAM, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 5. august 2025

Om stillinga 

I takt med at samfunnet endrar seg og fleire mottek helsehjelp heime, står heimetenesta ovanfor både spanande moglegheiter og komplekse utfordringar. Vi søkjer etter ein engasjert og framtidsretta leiar som står stødig i ein kvardag der fag, relasjonar og teknologi går hand i hand. Hos oss vil du bli leiar for dedikerte og dyktige fagfolk, og inngå i den tverrfaglege leiargruppa innan tenestefeltet helse og meistring. 

Er du klar for ei spanande leiarrolle med stor moglegheit til å påverke framtidas heimeteneste? Då ynskjer vi å prate med deg. 

Arbeidsoppgåver

  • Vere pådrivar for utvikling av gode helsetenester, og bidra til å realisera kommunen sine mål
  • Ressursstyring, personalansvar og måloppnåing
  • Aktiv deltaking i digitaliseringsprosesser og velferdsteknologisk satsing
  • Kommunikasjon og samhandling med blant anna spesialisthelsetenesta, pårørande, fastlegar og øvrige kommunale instanser
  • Bidra aktivt i den tverrfaglege leiargruppa innan helse og meistring
  • Delegerte oppgåver frå einingsleiar

Kvalifikasjonskrav

  • 3- årig utdanning på høgskulenivå. Fortrinnsvis sjukepleiar
  • Relevant vidareutdanning er ein fordel
  • Gjerne erfaring innan leiing, forbetringsmetodikk og implementering
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Førerkort klasse B

Personlege eigenskaper 

  • Du samarbeider godt og har evne til å skapa tillit og engasjement 
  • Du er strukturert, kan arbeide sjølvstendig og er ansvarsbevisst 
  • Du er initiativrik og oppteken av kontinuerleg utvikling av deg sjølv, medarbeidarar og organisasjonen generelt 
  • Du arbeider godt under press og har god prioriteringskompetanse 
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit utviklingsorientert og drivande miljø 
  • Vilkåra er konkurransedyktige, og utviklingsmoglegheitene er gode 
  • Du vil bli ei viktig brikke i eit positivt og dynamisk leiarteam med fagleg dyktige kollegaer

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted