Helgevakt Halsnøytunet

  • Deltid
  • ROSENDAL, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 9. august 2025

Kvinnherad kommune Halsnøytunet

 

Omtale av stillinga

Litt usikker på kva du vil her i livet? Kom til oss og test ut arbeid innan helse. Halsnøytunet har eit kjekt og pulserande miljø, med ei god blanding av menn og damer på arbeid. No mistar vi mange studentar til dei store byane og treng difor ny helgevikar.

Vi er oppteken av å trygge våre tilsette, og det er rom for å feila og rom for å læra. Om du kjenner deg usikker på å søkja, så send søknad, så kan vi ta ein prat, så kan vi i lag finne ut om dette kan vera noko for deg. 

Kanskje skal du ha eit friår? Hos oss kan du få nyttig erfaring samt legge deg opp litt kapital.

Vi søkjer:

Vi har ledige helgestilling på ca.13 % faste. I tillegg har vi trong for ringevikarar som kan stille opp på kort varsel ved sjukdom/anna fråvær. Helgestillinga er knytta til arbeid kvar 3. helg. Søkjarar med helsefagleg utdanning vil verte prioritert i dei faste stillingane. Det er ein føremon med helsefagleg erfaring, men opplæring vil bli gitt. Vi oppmodar menn til å søkja. 

 Kvalifikasjonar

  • Gjerne helsefagleg erfaring, men opplæring vil bli gitt.

 Personlege eigenskapar

  • Nysgjerring og vilje til å læra
  • Ikkje redd for å arbeide aleine
  • Omsorgsperson

 Vi tilbyr

  • Pengar på konto kvar månad, ekstra om du er under helsefagleg høgskuleutdanning. 
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.

 

Kontaktperson: Sjukeheimsleiar Anne Tangen Rørdal, anne.rordal@kvinnherad.kommune.no – tlf. 90949750

Link til søknadsskjema: Søk her