Aktivitetsguidar

Kultur- Klepp kommune

Er du interessert i å gjera ein innsats for barn og unge?
Klepp kommune har fått støtte frå BUFdir til eit prosjekt med aktivitetsguidar for barn og unge.  
Kva gjer ein fritidsguide?
Ein aktivitetsguide si hovudoppgåve er å hjelpa barn, unge og deira familiar med behov for å koma i gang med faste fritidsaktivitetar. Som aktivitetsguide skal du arbeide for å få barn og ungdom som står utanfor med i fritidsaktivitet. Aktivitetsguiden skal fungera som ein formidlar av informasjon, vera ein støttespelar, og gjera det enkelt for barn og unge i målgruppa å delta i faste aktivitetar på fritida. Dei konkrete oppgåvene kan variera ut i frå føresetnader, ressursar og situasjonen for barnet/ ungdommen og familiane deira.  

Arbeidsoppgåver

– Å formidla informasjon og råd til barn og unge og familiar om ulike fritidstilbod og motivera for deltaking i fritidsaktivitetar
– Skapa god kontakt mellom deltakarar og kontaktpersonar i lag og foreiningar
– Følgje til og frå aktivitetar ut i frå behov hos den enkelte 
– Sikra at praktiske og forhold og støtteordningar blir nytta og at barn, unge og familiar har det som trengs for å kunne delta
– Aktivitetsguiden samarbeider med, og blir veileda av, fritidskonsulent/ kulturavdelinga
Arbeidsmengd kan variera etter behov og frå tid til anna
Arbeidstida er i all hovudsak på ettermiddags- og kveldstid og kan dermed kombinerast med skule/utdanning/arbeid.
Fritidsguidane blir engasjerte som oppdragstakarar (timebetaling)

Kvalifikasjonar

Krav til stilling: 
Gyldig politiattest må fremleggjast før tiltredelse
Søkjarar må vera fylte 18 år

Det er ønskjeleg med:
– God lokalkunnskap og kjennskap til lokalt organisasjonsliv
– Bakgrunn og erfaringar frå deltaking i organiserte fritidsaktivitetar og frå arbeid med barn og unge
– Kunnskap og erfaring frå arbeid med inkludering 
– Må disponerer egen bil, men dette er ikkje eit krav.                                                                                                                       
Det blir ikkje stilt formelle krav til kvalifikasjonar i form av utdanning eller arbeidserfaring.

Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.

Personlege eigenskapar

– har engasjement, tid og interesse for arbeid for at barn og unge skal kunne bli inkluderte i faste, organiserte fritidsaktivitetar
– er utadvendte og trygge, positive og tillitsvekkande og kan kommunisera på ein respektfull måte med folk frå forskjellig bakgrunn og i ulike livssituasjonar
– kan snakka godt norsk, og gjerne og kunne kommunisera på andre aktuelle språk
– er læringsvillige, fleksible og kan samarbeida

Vi tilbyr

Meiningsfylt og viktig arbeid for barn og unge
God veiledning og oppfølging
Tilsetting på vilkår som oppdragstakar
 

Kontaktinformasjon

Ulf Ludvigsen, Kultursjef, +47 99444829

Arbeidsstad

Bedriftsvegen 4
4353 KLEPP STASJON

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 4992466844
Stillingsprosent: 0%
Engasjement
Startdato: 01.09.2025
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 17.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted