Jobb i skule – open søknad

Oppvekst - skule

Grunnskulane i Kvam har kontinuerleg behov for vikarar gjennom skuleåret. Er du interessert i arbeid som tilkallingsvikar/ekstrahjelp i skule så er du velkomen til å registrera søknad og CV her ved å velja "Søk på stillinga".

Denne annonsa gjeld kun open søknad eller søknad om arbeid som tilkallingsvikar/ekstrahjelp i løpet av skuleåret 2025/2026. Søkjarlista til denne stillingsannonsa vert nytta som vikarliste av dei ulike skulane i kommunen og du kan bli kontakta av rektor/avdelingsleiar dersom du har dei rette kvalifikasjonane.

Ledige vikariat og faste stillingar vert utlyst på heimesida vår og dei må du søkja på særskilt.

Vil du vita meir om skulane i Kvam herad eller ønskjer å ta direkte kontakt med rektor, sjå informasjon på https://www.kvam.no/tenester/barn-ungdom-og-familie/skule/ 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid med enkelt elev og/eller elevgrupper både i skule og i SFO
  • Tilrettelegga og delta i aktivitetar saman med elevane

Kvalifikasjonar

  • Grunnskulelærarutdanning
  • Fagbrev som barne og ungdomsarbeidar
  • Anna relevant utdanning og praksis vert også vurdert
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid i skule og/eller SFO
  • Du er fylt 18 år
  • Kvam herad vil i periodar ha trong for personar som kan undervisa i tospråkleg fagopplæring og/eller morsmålsopplæring. I tillegg til kvalifikasjonane som er nemnt over, vil difor det å vera fleirspråkleg vera ein kompetanse som er særleg aktuell i periodar. Behovet og type språk vil variera.
  • Ved tilsetjing i vikariat må det leverast politiattest etter Opplæringsloven § 10-9. Politiattesten må vera av nyare dato, og ikkje eldre en 3 månader.
  • Legg gjerne inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

  • Me søkjer vikarar som kan vera tydelege vaksne, og gode rollemodellar for elevane
  • Serviceinnstilt og engasjert
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Raus og inkluderande
  • Møter andre på ein respektfull og open måte

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
  • Opplæring vert gitt
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem

Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon:

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Inga Lill Jensen Tolo, Leiar for skule, +47 951 19 865
Grethe Steine Sjursen, HR-konsulent, 98056277

Arbeidsstad

Gamle Dalavegen 27
5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 4991167102
Stillingsprosent: 50, 100%
Vikar
Søknadsfrist: 30.06.2026

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted