Avdelingsleiar Haram bustader 2

Tenesteområde Butenester, Haram kommune

Vi søkjer etter ein engasjert og nytenkjande avdelingsleiar som er oppteken av leiing, fagutvikling og kompetanseutvikling i 100% fast stilling. Du vil ha leiar og personalansvar for Haram bustader 2, Solbakken bukollektiv og dagsenter. Som avdelingsleiar vil arbeidsstad vere delt mellom Brattvåg og Vatne.

Haram bustader er delt i 3 avdelingar. Haram bustader 1, Haram bustader 2, samt  Avdeling 3 som består av barnebustad og barneavlastning. Som avdelingsleiar vil du jobbe i team ilag med dei 2 andre avdelingsleiarane og tenesteleiar.  Vi gir i hovudsak tenestar til mennesker med diagnose utviklingshemming. Butenesta er opptatt av å gi gode tenester til tenestemottakarane og skape eit godt arbeidsmiljø for tilsette.

Butenesta skal i ei 4 årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til Veilederen "Gode helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som avdelingsleiar skal du vere med å lede dette arbeidet. 

Stillinga er ledig frå 1.september -25, eller etter avtale.

Haram kommune er opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

  • Mellomleiar med ansvar for dagleg og fagleg drift, samt personalansvar
  • Leie og utvikle avdelinga i samsvar med vedtekne mål, budsjett, planar og overordna kommunale føringar
  • Leie og utvikle avdelinga i samsvar med kommunen sine satsingsområde
  • Legge til rette for ein god dialog med tenestemottakarar, pårørande og andre delar av tenestetilbodet i kommunen
  • Legge til rette for eit godt samarbeid, skape aktive og motiverte tilsette

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i sjukepleie, vernepleie eller anna 3-årig helse eller sosialfaglig u/h-utdanning. 
  • Vidareutdanning i leiing/villig til å ta vidareutdanning i leiing
  • Erfaring som leiar er ønskjeleg 
  • Beherske norsk som arbeidsspråk, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring med Kapittel 9
  • Erfaring med mennesker med psykisk utviklingshemming
  • Gode digitale ferdigheter

Personlege eigenskapar

  • Vere engasjert i fag og leiing
  • Evne til sjølvstendig, målretta, kreativt og innovativt arbeid
  • God kjennskap til og forståing for kommunen sine oppgåver
  • Løysingsfokus og høg gjennomføringsevne
  • Kunne sette deg raskt inn i nye oppgåver
  • Gode og tydelige kommunikasjonsevner
  • Evne til å skape tillit, lytte og til å vere til stades
  • Fleksibel, nytenkande og løysningsorientert
  • Evne til å bygge nettverk, gode samarbeidsevner og like å jobbe i team
  • Trivast med å jobbe med mennesker og like å veilede andre
  • God arbeidskapasitet.
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt. 

Vi tilbyr

  • Fleksitid
  • Eit godt og engasjert fagmiljø der vi er opptekne av utvikling og velferdsteknologi
  • Eit godt samarbeidsklima i leiarteamet
  • Ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ein framoverlent kommuneorganisasjon
  • Løn etter avtale
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no

Arbeidsstad

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4989369434
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 24.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted