Ta ei leiande rolle i digitaliseringa av spesialisthelsetenesta

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 16. august 2025

Prosjektledelse, Helse Vest IKT

Prosjekta i Helse Vest har ulik storleik og kompleksitet, og omfattar både nasjonale, regionale og lokale satsingar på klinisk og administrativt område. Vi treng engasjerte prosjektleiarar som kan leie an i dette arbeidet. Våre prosjektleiarar må ha fokus på kvalitet for både pasientar og tilsette i helseføretaka, og samstundes levere innan avtalt tid og kostnad. Som prosjektleiar må du evne å lytte til og fange opp behov, samt skape samhald og god dialog med alle interessentar i leveransane. Du må vere dyktig til å ta avgjerder – og ikkje minst smidig nok til å leie prosjekt som endrar kurs når uventa forhold oppstår.

Vi ser etter både deg som har kortare arbeidserfaring og ønskjer å utvikle deg innan prosjektleiing, og deg med lang erfaring som vil bruke kompetansen din til å leie komplekse initiativ og skape resultat og verdiar. 

Uansett kvar du er i karrieren, får du høve til å jobbe med varierte og utfordrande prosjekt. Prosjektleiarmiljøet i Helse Vest IKT har over 30 tilsette, og er såleis eit av dei største kompetansemiljøa innan prosjektleiing på Vestlandet. For oss er det eit viktig mantra å spele kvarandre gode, og vi er stolte av eit inkluderande miljø som jobbar for det felles beste og ei berekraftig helseteneste. 

Vil du vere med og løfte eit viktig samfunnsoppdrag vidare? Hos oss vil ditt arbeid kunne skape store verdiar for mange menneske, kvar dag. 

Kandidatar vert vurderte etter kvart som dei søkjer.  Arbeidsstad er i Bergen eller Stavanger.

Kva vil du gjere hos oss?

  • Leie ulike prosjekt og endringsarbeid mot neste generasjons IKT-løysingar i Helse Vest 
  • Vere med å påverke verksemdsutviklinga og IKT-løysingane gjennom di erfaring og ditt engasjement

Kven er du?

I starten av karrieren:

  • Relevant spesialistutdanning, primært innan IKT
  • Noko relevant erfaring frå prosjektarbeid

    Erfaren prosjektleiar har også:

    • Lukkast med leiing av store og komplekse IKT-prosjekt i større organisasjonar
    • God erfaring med moderne rammeverk for utviklings- og endringsarbeid, og relevante verktøy og metodar
    • Svært gode teamleiareigenskapar
    • Ei av stillingane er retta mot ein teknisk prosjektleiar med krav om relevant kompetanse og erfaring for rolla

     Enten du er erfaren eller i starten av karrieren legg vi stor vekt på personlege eigenskapar, og ser etter deg som:

    • likar å ta initiativ og drive oppgåver framover
    • er ivrige etter å lære, og vil utvikle deg som prosjektleiar
    • er strukturert, nøyaktig og resultatorientert
    • har fokus på å skape gode brukaropplevingar
    • har evne til å motivere og følje opp
    • har gode samarbeidsevne
    • tar initiativ og har evne til å arbeide sjølvstendig
    • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne, snakkar flytande norsk

    Kvifor velje oss?

    • Karriereutvikling – Vi investerer i din kompetanse, enten du er fersk eller erfaren
    • Spanande prosjekt – Høve til å arbeide med tverrfaglege og samfunnsnyttige initiativ
    • Sterkt fagmiljø – Samarbeid med dyktige kollegar som delar kunnskap og erfaring
    • Fleksibilitet – Vi tilbyr stor grad av sjølvstende og hybrid arbeid
    • Løn etter avtale og medlemskap i KLP, som sikrar gode pensjonsordningar

    Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du høve til å jobbe i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje.

    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Eirik Aaserød, Seksjonsleiar, +47 98240384

    Arbeidsstad

    Bjørnsons gate 29
    5052 BERGEN

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Vest IKT

    Referansenr.: 4990742360
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 17.08.2025

    Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


    Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

    Jobbsted