Ortopedisk avdeling, Haugesund sjukehus
Er du lege og ønskjer å spesialisere deg innan ortopedi?
Vi tilbyr eit 6-månaders vikariat med oppstart i august der du vil få eit solid utdanningsforløp som fører til spesialiteten innan ortopedisk kirurgi.
Utdanninga blir hovudsakleg gjennomført lokalt, med tilleggsutdanning ved Helse Bergen/Helse Stavanger.
Dette er ein LIS3-stilling som føreset at LIS1-tenesta er fullført.
Send oss søknaden din i dag – vi ser fram til å bli kjent med deg!
Arbeidsoppgåver
- Deltaking i avdelinga si drift
- Visittgang
- Skadepoliklinikk og operasjonsassistanse
- 9 delt LIS3 vakt bak LIS1
- Deltaking i fagleg undervisning
- Eit halvt års rotasjon til Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesykehus
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege er ein føresetnad
- Det er ønskjeleg med relevant erfaring frå ortopedisk kirurgi eller spesielt interesse for faget
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- er sjølvstendig
- har gode kommunikasjonsevner med pasientar og kollegaer
- er ansvarbevisst
- trivst i eit aktivt og travelt miljø
- har gode evner til samarbeid
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- 40.000,- i rekrutterings og stabiliseringstillegg ved oppstart i stillinga
- løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- eit høgt fagleg nivå
Fra 01.01.25 tilbyr vi
- 15.000,- i erfaringstillegg til alle LIS2/3 som har 2 års ansiennitet i utdanningsstilling LIS2/3
- 15.000,- i kontinuitetstillegg til alle LIS 2/3 som har 3 års ansiennitet i utdanningsstilling LIS2/3
Kontaktinformasjon
Christer Holtan, Avdelingsleder lege, 52732420, christer.holtan@helse-fonna.no
Arbeidsstad
karmsundsgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4992464453
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 10.08.2025