Vektar

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 20. juli 2025

Drift/teknisk divisjon / Hospitaldrift Sikkerheit, Helse Bergen HF

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.

Hospitaldrift har 8 einingar og ca. 815 medarbeidarar. Hospitaldrift Sikkerheit er ei av einingane i Hospitaldrift. Hospitaldrift Sikkerheit har 3 seksjonar, seksjon for sikkerheit, seksjon for resepsjon og seksjon for parkering. Eininga er offentleg godkjend for å drive vaktverksemd.

Vi ser etter deg som har vektarutdanning og gjerne erfaring innan fagområdet. Du trivst med utfordringar, er fleksibel, fagleg dyktig samt likar å arbeide i eit travelt miljø med mykje ansvar.

Vi har ledig 100% fast stilling som vektar.

Arbeidsoppgåver

  • Resepsjonsteneste i Sentralblokka og Glasblokkene
  • Rutinekontrollar av sjukehuset sine bygg og eigedommar
  • Utrykkingsteneste på ulike typar alarmar t.d. innbrot, brann, teknisk, utagerande pasientar
  • Sikkerheitsvakt på utagerande pasientar
  • Handtering av parkeringsanlegg
  • Beredskap ifm. helikopterdrift (HLO) 
  • Til tider er arbeidet fysisk krevande

Kvalifikasjonar

  • Søkar må ha Førarkort kl B
  • God vandel (det vil bli krav om uttømmande politiattest før tilsetting)
  • Søkar må kunne sikkerheitsklarerast
  • Vektarkurs (fullstendig vektarkurs, alle modular). Bestå re-godkjenning kvart 4 år
  • Ønskeleg med fagbrev i sikkerheitsfaget
  • Teknisk innsikt og grunnleggande datakunnskapar
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå vektaryrket er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du er ærleg og lojal
  • Du er serviceinnstilt
  • Du har gode samarbeidsevner og kan jobbe i team
  • Du har evne til å jobbe sjølvstendig
  • Du har høg grad av ansvarskjensle og personleg initativ
  • Du har evne til å jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø
  • Du har evne til å halde hovudet kaldt og opptre roleg og beherska i utfordrande situasjonar
  • Du er i god fysisk form

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande jobb i eit godt fagleg miljø med hyggelege kollegaer
  • God opplæring
  • Lønn etter gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Jørn Arne Svendsen, Einingsleiar, 55978277

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 4985595634
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.07.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted