Overingeniør (mellombels)

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 3. august 2025

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Overingeniør (mellombels)

Ved Institutt for fysikk og teknologi (IFT) er det ledig ei mellombels stilling som overingeniør for ein periode på 2 år. Stillinga er knytt til gruppa for subatomær fysikk.

Gruppa deltar i ATLAS-eksperimentet ved CERNs LHC (Large Hadron Collider). Dette eksperimentet står føre ei større oppgradering der store delar av detektorsystemet skal bli bytta ut. Stillinga er knytt til NFR-prosjektet NORLHC, som finansierer dei norske bidraga til denne oppgraderinga. I løpet av dei siste åra har IFT bygd opp eit laboratorium for utprøving og kvalitetssikring av piksel-sensormodular som skal bli brukt i ATLAS. Piksel-sensorane er produsert i silisium, basert på halvleiarteknologi. Sensor-brikkene blir deretter sett saman med spesialutvikla utlesningselektronikk (ASICs). Desse modulane blir deretter montert på kretskort ved Universitet i Oslo. Ved IFT er vi ansvarlege for testing og kvalitetssikring av desse modulane, før dei blir montert på strukturar som skal inn i ATLAS-detektoren. Denne produksjon og kvalitetssikringa går føre seg i nært samarbeid med forskargrupper frå heile verda.

Om instituttet
Institutt for fysikk og teknologi driv forsking og undervisning på mange felt ifrå klassisk fysikk og til bruk i ulike teknologiområde som t.d. energi og havteknologi. Vi utdannar kandidatar på bachelor, master- og doktorgradsnivå, og deltar i fleire tverrfaglege studieprogram på NT-fakultetet. Meir om instituttet kan du finne her.

Arbeidsoppgåver:

Det er venta at den som vert tilsett, skal spele ei leiande rolle utprøvinga av sensormodular og komponentar som inngår i bygginga av desse (kretskort og umonterte modulkomponentar).

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • Testing av umonterte modulkomponentar
  • Testing av ferdige modular
  • Opplasting av testdata til prosjektdatabasen
  • Samarbeide med prosjektgruppa ved Universitetet i Oslo

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar
Du må ha

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i i fysikk eller elektronikk. Lang, relevant praksis kombinert med etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Ha god IT-kompetanse, med programmeringsspråk som Python og C++.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne i engelsk. Du må kunne førebu presentasjonar (t.d. i powerpoint) og presentere rapportar på engelsk i arbeidsmøta.

Det er ein fordel om du også har praktisk erfaring med tilsvarande arbeid. 

Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein kollega som

  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • Er serviceinnstilt, fleksibel og positiv
  • Er målretta og har god gjennomføringsevne
  • Er sjølvstendig og strukturert, tek initiativ og bidreg til å finne løysingar.
  • Har evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønnspenn kr. 614 900-kr 690 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Bjarne Stugu, bjarne.stugu@uib.no, og instituttleiar Kjetil Ullaland, kjetil.ullaland@uib.no. 

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med spørsmål ta kontakt med Thea Thingnes, thea.thingnes@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted