Volda kommune, Rus og psykisk helseteneste
Vi har ledig eit vikariat som miljøterapeut i Psykisk helseteneste, i 100% stilling frå 01.09.2025 -31.12.2026. Psykisk helseteneste tek i mot dei fleste nye tilvisningane i avdelinga, tilbyr støttesamtaler eller gruppebehandling. Dei tilsette har ansvar for eigen portefølje med brukarar.
Arbeidet er på dagtid. Rus og psykisk helseteneste er ein del av sektor helse og omsorg og har kontor ved Omsorgssenteret i Volda. Tenesta er tverrfagleg samansett og har særleg kompetanse innan psykisk helse, rus, avhengigheit og samtidige lidingar. Vi har til saman 30 årsverk fordelt på 4 tenesteområde. Vi tilbyr individuell oppfølging i psykisk helseteneste og rustenesta, arbeid og aktivitetstilbod ved lågterskeltilboda Styrk-arbeid og Møteplassen Gnisten, samt døgnteneste til heimebuande og Myra bufellesskap
Arbeidsoppgåver
Tenesta har ein fagleg profil vi jobbar ut i frå, der det er stor grad av autonomi og fleksibilitet innanfor dei faglege rammene.
- Individuell oppfølging med fokus på mestring ,endring og utvikling. eksempelvis heimebesøk og samtaler
- Miljøterapeutiske tiltak i heimen, samt støtte til viktige avtaler/møter og behandling. Psykososiale tiltak- strukturering i kvardagen
- Bistå i henvisning til spesialisthelsetenesta og ulike behandlingsforløp
- Veiledning av pårørande
- Koordinere og samarbeide med pårørande, fastlege, NAV, spesialisthelsetenesta og andre aktuelle aktørar
- Delta i endrings- og utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Det er krav om relevant bachelorgrad; fortrinnsvis sjukepleie og vernepleie, sosionom eller barnevernspedagog
- Søkjarar med vidareutdanning innan fagfeltet og erfaring frå tilsvarande arbeid kan bli prioritert
- Det er naudsynt med god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Førarkort (klasse B) er eit krav
- Gode ferdigheiter i dokumentasjon og bruk av digitale verkty
Personlege eigenskapar
- Du er en person som har interesse for psykisk helsearbeid og rusarbeid. Vi arbeider med ei sårbar gruppe, noko som krev at du kan halde ut over tid når det er vanskeleg.
- Du er roleg, trygg, tydeleg og stabil, samtidig som du set grenser og står i konflikt og vanskelege situasjonar.
- Gode samarbeidsevner både når det gjeld brukarar, pårørande, samarbeidspartar og kollega.
- Gode evner til sjølvregulering og samregulering i møte med andre sine kriser.
- Evne til å halde seg fagleg oppdatert og tileigne seg ny fagleg kunnskap.
- Evne til å jobbe strukturert og målretta ut frå brukarane sitt behov.
- Personlege eigenskapar vil verte avgjerande for kven som blir tilsett
Vi tilbyr
Vi tilbyr ein spennande jobb der du får vere med på å utvikle tenestene. Vi har eit godt arbeidsmiljø med mykje humor. Du vil oppleve varierte arbeidsoppgåver og utfordringar som gir deg moglegheit for personleg utvikling. Du kan få tilbod om kompetansehevande kurs og veiledning.
Kontaktinformasjon
Malene Rovde, Avdelingsleiar, 990 11 980, malene.rovde@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Sevrinhaugen 7
6102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 4988722639
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.09.2025
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 03.08.2025