Tenesteområde Butenester, Haram kommune
Haram bustader har ledige helgestillingar. Stillinga er for tida på helg i Haram bustader 1, med hyppigheit kvar 2. eller 3. helg og har ulik stillingsprosent. Vi har ledig både ordinære dag- og kveldsvakter, men også langvakter med varigheit 12,5 og 14 timar. Spesifiser i søknad kva turnusordning du ønskjer. Stillinga er ledig for dei med 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning, og dei med fagbrev innan helsefag eller barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Stillingane er ledig frå 01.09.25, eller etter avtale.
Haram bustader yter tenester på følgjande område; tenester i bustad retta mot personar med diagnose utviklingshemming, dagsenter, avlastningsteneste for vaksne, barnebolig/avlastning og Solbakken bukollektiv.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil kreve nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid
- Arbeide etter oppsette miljøplanar.
- Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskje
- Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette
- Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar
- Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk
- Fagutvikling – miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar i avdelinga
- Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov
Kvalifikasjonar
- Treårig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag, eller fagbrev innan helse/barne- og ungdsomsarbeidar.
- Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team
- Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg
- Førarkort kl. B
- Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming
- Tilfredsstillande politiattest
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Grunnleggande datakunnskapar
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- Viser initiativ og er kreativ
- Er kunnskapsrik og fagleg oppdatert
- Er pliktoppfyllande og sjølvgåande
- Har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson
- Evnar å byggje relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Evnar å skape engasjement og har gode haldningar.
- Er ein lagspelar som bidreg til at felles mål blir nådd
- Løysingsorientert og god evne til å handtere stress.
- Er lojal og stabil
Vi tilbyr
- Ein kjekk arbeidsplass med moglegheit for personleg og fagleg utvikling
- Rom for å være kreativ
- Løn etter gjeldande tariffavtale
Kontaktinformasjon
Susanne Snipsøyr, 90016534, Susanne.Kristin.Snipsoyr@haram.kommune.no
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Brattvåggata
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 4989377003
Stillingsprosent: 12, 25, 15, 20%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 24.08.2025