Vernepleiar/sjukepleiar 2 x100% stillingar 

Avdeling Haram bustader 1, Haram kommune

Butenesta i Haram har ledig 2 100% stillingar som vernepleiar/sjukepleiar.

Stillinga er for tida ledig i avdeling Haram bustader 1. Turnus for stillinga er for tida dag og kveld, med arbeid kvar 3. helg. Vi har hovudkontor i Brattvåggata 19. Haram bustader yter tenester til i hovudsak menneske med diagnosen psykisk utviklingshemming. Vi kan tilby eit god fagmiljø og butenesta har fokus på å yte gode tenester,  fagutvikling og kompetanseheving. Butenesta er god på punkttenester.

Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til Veilederen "Gode helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som vernepleiar/sjukepleiar får du vere ein del av dette arbeidet. 

I 2025 er vi med i prosjektet TØRN.

Stillinga er ledig frå 1. september -25, eller etter avtale.

Haram bustader er delt inn i tre avdelingar. Haram bustader 1 som består av bustader. Haram bustader 2 som består av bustader, Solbakken bukollektiv og dagsenter. Den  3. avdelinga er barnebustad som er lokalisert på Solbakken bukollektiv. Miljøterapeutane i alle avdelingane kan samarbeide på tvers, og har jamlege felles miljøterapeutmøte. 

 Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid. 
  • Medikamenthandtering.
  • Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskje.
  • Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
  • Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
  • Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
  • Fagutvikling, miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga. 
  • Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
  • Rettleiingsansvar, både i gruppe og på individnivå.
  • Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT.
  • Gruppeleiar med primæransvar. 

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar 
  • Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team.
  • Erfaring i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
  • Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
  • Førarkort kl. B.
  • Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Viser initiativ og er kreativ. 
  • Er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
  • Er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
  • Har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson.
  • Evnar å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
  • Evnar å skape engasjement og har gode haldningar.
  • Er ein lagspelar som bidrar til at felles mål blir nådd.
  • Er lojal og stabil.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein kjekk arbeidsplass med moglegheit for personleg og fagleg utvikling.
  • Rom for å vere kreativ.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale.
  •  Avsett tid i turnus til å jobbe med fag og oppfølging av primærkontaktrolla. 
  • Du vil jobbe i eit miljøterapeutteam i lag med 4 andre miljøterapeutar i Haram bustader 1, samt helsefagarbeidarar og assistentar. 

Kontaktinformasjon

Susanne Kristin Snipsøyr, Avdelingsleiar, 90016534, Susanne.Kristin.Snipsoyr@haram.kommune.no
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Brattvåggata 19
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4989435145
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 24.08.2025