Miljødirektoratet
Om stillingane
Dei ville bestandane av laks, sjøaure og sjørøye er under sterkt press frå eit komplekst trugsmålsbilete. Er du oppteke av forvalting av anadrom laksefisk, og har lyst til å jobbe med å ta vare på og utvikle desse bestandane? Vi søkjer nå to kunnskapsrike, grundige og resultatorienterte medarbeidarar til to faste stillingar som kan styrkje innsatsen vår på dette området.
Vi ser primært etter personar med interesse, kompetanse og relevant arbeidserfaring innan fiske- og ferskvassøkologi, og gjerne innan anadrom laksefisk. Du vil også arbeide mot eksterne som Statsforvaltar, kommunar, interesseorganisasjonar og enkeltpersonar, og dessutan andre sektorstyresmakter og næringar.
Fiskeseksjonen er ein av fem seksjonar i vass- og kunnskapsavdelinga. Vi har ansvaret for forvaltning av laks, sjøaure og sjørøye og innlandsfisk etter lakse- og innlandsfiskelova og naturmangfaldlova, og for å følgje opp naturforvaltningsvilkåra i regulerte vassdrag etter vassdragslovgjevinga. Vi jobbar òg med å følgje opp vassforskrifta og revisjons- og konsesjonssaker i regulerte vassdrag. Vidare hentar vi inn kunnskap, regulerer fiske, driv genbank, gjennomfører tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris og framande artar og med problemstillingar knytt til vill laksefisk versus påverknader frå fiskeoppdrett.
Seksjonen har 16 medarbeidarar, med arbeidsstad på Brattøra i Trondheim.
Stillingane sine hovudansvarsområde
- oppgåver knytt til forvaltning av regulerte vassdrag/vassforskrifta
- regulering av fiske etter anadrome laksefisk
- påverknad frå akvakultur på vill anadrom fisk
- anna, som for eksempel forvaltning av Tana og bekjempelse av pukkellaks kan også vere aktuelle
Oppgåveporteføljen til kvar stilling vil bli tilpassa, bl a avhengig av bakgrunn og interesser.
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar
- mastergrad i biologi/naturforvaltning innan akvatisk økologi, fortrinnsvis hovudvekt på anadrom fisk. Mastergrad må være fullført innen 31. desember 2025. Anna relevant naturfagleg utdanning på mastergradsnivå, kombinert med relevant erfaring/interesser kan kompensere for det nemnte kravet om mastergrad.
- kunnskap om anadrom laksefisk og trusselfaktorar
- gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- kjennskap til forvaltning av anadrom laksefisk er sterkt ønskeleg
- det er ønskeleg med erfaring frå offentleg forvaltning eller relevante organisasjonar
Eigenskapar
- Du er resultatorientert og trivst med å arbeide konkret og tiltaksretta.
- Du har gode samarbeidseigenskapar, er ein god relasjonsbyggar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Du kommuniserer tydeleg, har god rolleforståing, og kan representere Miljødirektoratet på ein god måte.
- Du toler å arbeide på eit delvis konfliktfylt fagområde, med ein uføreseieleg arbeidskvardag med høgt arbeidspress.
- Du kan arbeide sjølvstendig.
Vi kjem til å legge vekt på korleis du som person vil passe til stillinga.
Vi tilbyr
- fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar, med lønn frå kr. 560 000 til kr. 880 000 etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifisert søkar kan vurderast noko høgare.
- utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde gode høve for fagleg og personleg utvikling
- eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida
- fleksible arbeidstidsordningar og pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Raoul Bierach på telefon 92 24 34 18, eller e-post raoul.bierach@miljodir.no og fagdirektør Helge Axel Dyrendal på telefon 41 59 33 99 eller e-post helge.axel.dyrendal@miljodir.no.
Send gjerne SMS og oppgi referanse 65-2025 VFI, så ringer vi deg opp igjen.
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal. Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa vår.