Faglærar, Restaurant og matfag

  • Heltid
  • ÅLESUND, NORGE
  • Publisert: 3 uker siden
  • 2. august 2025

Borgund vgs, Møre og Romsdal fylkeskommune

100% fast undervisningsstilling som faglærar på restaurant og matfag!

Vi opprettar ei ekstra klasse på VG1 – restaurant og matfag. Då treng vi fleirer lærarar.

-Har du lyst til å undervise på ein av dei største og flottaste vidaregåande skulane i fylket?
-Vil du vere med i eit lærarkollegium som samarbeider tett om å hjelpe elevane med å meistre skulen og faga?

Då er du kanskje rett lærar for oss!   

Arbeidsoppgåver

Som faglærar skal du:

Planlegge og gjennomføre undervisning i tråd med gjeldande læreplanar.
Vurdere elevane sitt arbeid og gje dei tilbakemeldingar dei kan lære av.
Samarbeide med bransjane og fylgje deltakarane opp i praksis.

Kvalifikasjonar

Vi er på leit etter deg som har fagbrev som kokk eller konditor.

For å verte tilsett i ei lærarstilling er pedagogisk utdanning ein føresetnad. Dersom ingen søkarar oppfyller krava for tilsetjing, kan andre tilsetjast på vilkår om fullført PPU innan 3 år.

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer at du:
Har gode samarbeidsevner og likar å lære og utvikle deg i lag med andre.
Er trygg i lærarrolla, og god på å formidle kunnskap og kompetanse.
Er tålmodig og vennleg i møte med elevane.

Vi tilbyr

Eit spennande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar.

Anna 
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest

 

 

 

 

 

 

 

Kontaktinformasjon

Sissel Brennholm, Fagleiar, 93202318

Arbeidsstad

Yrkesskolevegen 20
6011 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 4991153366
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted