ID 1012 Barne- og ungdomsarbeidar, midlertidig 100% stilling i vikarpool for barnehage og skule

  • Heltid
  • , NORGE
  • Publisert: 4 dager siden
  • 2. august 2025

Dåfjorden friluftsarnehage

Er du klar for ein kvardag med leik, læring og latter

Fitjar kommune vil opprette ein 100% midlertidig stilling i vikarpool for barnehagar og skular i skuleåret 2025-2026. I denne stillinga får ein fastløn i 89% på grunn av avkorta år om ein er i skulen. Om ein går inn i vikariat i barnehage så er det ikkje avkorta år. Det er stor moglegheit for at denne stillinga blir knytt opp mot eit vikariat i Selevik skule og Dåfjorden naturbarnehage. Stillinga vil då primært vera knytt opp mot ansvar for SFO barna og elevar i skulen. Dei vil ha oppstart og avsluttning i barnehagen der ein og blir ein del av personalet for alle barna.

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeid

  • Lang erfaring frå barnehage/skule kan kompensere for utdanningskravet

Arbeidsoppgåver i barnehage/skule/SFO

  • Gi omsorg og støtte til barn i alderen 0-10 år

  • Utvikle, støtte og rettleie barns leik

  • Bidra til å skape aktivitetar i kvardagen saman med barna

Vi søkjer deg som:

  • Er påliteleg, stabil og ansvarsfull

  • Står trygt i deg sjølv og handlar ut frå barns beste

  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø ved å vere open, ærleg og reflektert

  • Er glad i barn og set dei først i kvardagen

  • Trivst med å vere ute store delar av dagen, uavhengig av ver og årstid

Vi tilbyr:

  • Godt, trygt arbeidsmiljø med imøtekomande tilsette som bryr seg om barnas beste

  • Lønns- og pensjonsavtale i tråd med hovudtariffavtalen

  • Eit roleg barnehage-/skulemiljø med god tid til barna i kvardagen

  • Benytte nærmiljøet rundt oss saman med barna.

Obs kort søknadsfrist på grunn av ferieavvikling

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted