Vi søker ein allsidig økonomi – og administrasjonsmedarbeidar

  • Heltid
  • OSLO, NORGE
  • Publisert: 13 timer siden
  • 12. august 2025

Statens helsetilsyn

Statens helsetilsyn har det overordna ansvaret for fagleg tilsyn med sosiale tenester i Nav, barnevern-, helse- og omsorgstenesta. Statens helsetilsyn skal utvikle tilsynsverksemd og drive kompetansebygging. Vidare skal vi medverke til at erfaringar frå tilsyn blir gjort tilgjengeleg for politiske oppdragsgivarar, for dei som har ansvar for tenestene og personellet der, for brukarane av tenestene, og for befolkninga.

Helsetilsynet står overfor mange og spennande utviklingsoppgåver. Stillinga er forankra i Avdeling for verksemdsstyring som har ei viktig rolle i dette utviklingsarbeidet. Avdelinga har blant anna ansvar for verksemdsstyring, økonomi, HR/personalforvalting, digitalisering og avtaleforvalting for tenester frå Norsk Helsenett og for drift av lokale. 

Er du ein allsidig person med erfaring frå økonomiarbeid? Den som blir tilsett vil arbeide i eit lite team som arbeider tett opp mot alle avdelingar, og som ivaretar mange ulike oppgåver. Stillinga har eit tyngdepunkt innan økonomi. God serviceinnstilling og evne til å takle ein hektisk arbeidskvardag er viktige eigenskapar. 

Arbeidsoppgåver

  • økonomiarbeid, blant anna handtering av fakturaer og reiserekningar, budsjettarbeid, rapportering og oppfølging av avdelingane
  • administrativ og organisatorisk støtte til Tilsynsskulen
  • ha oversikt over og medverke i anskaffingar i Helsetilsynet
  • andre administrative oppgåver

Kvalifikasjonar

Nødvendige kvalifikasjonar:

  • høgare relevant utdanning, minimum bachelornivå og gjerne innan økonomisk-administrative fag
  • relevant erfaring med økonomiarbeid frå statleg forvalting
  • god digital kompetanse, herunder erfaring med excel

Ønskte kvalifikasjonar:

  • erfaring frå budsjettarbeid og styringsprosessar
  • kjennskap til statleg reknskapstandard (SRS)
  • kjennskap til økonomi- og fakturasystemet Unit 4
  • god kjennskap til statleg regelverk 

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som er utviklingsretta og som tar initiativ, som har stor arbeidskapasitet og ei løysingsorientert haldning. 

Du må:

  • ha evne til å arbeide strukturert, nøyaktig og sjølvstendig, og ha god gjennomføringsevne
  • ha gode samarbeidsevner og trivast med å dele kunnskap, erfaringar og informasjon
  • vere nysgjerrig og lærevillig
  • ha godt norsk språk, munnleg og skriftleg

Vi legg stor vekt på at du er personleg eigna.

Vi tilbyr

Rådgivar kr 550 000 – kr 710 000. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse. 

Vi er om lag 130 medarbeidarar og har kontorlokale sentralt i Oslo. Vi har kantine, sykkelgarasje og eige trimrom. Statens helsetilsyn har fleksibel arbeidstid (jf. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten), samt sommartid og vintertid, og du har høve til å trene inntil ein time per veke i arbeidstida. Medarbeidarar som har eigna oppgåver kan få høve til å arbeide heimanfrå inntil 2 dagar per veke.

Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn.  Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn.  Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.

Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Tilgang til vitnemålsportalen vil bli etterspurd for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort  sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista jf. offentleglova § 25.   

Kontaktinformasjon

Max Demuth, Underdirektør, 90 62 28 72, mad@helsetilsynet.no

Arbeidssted

Møllergata 24
0179 OSLO

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Statens helsetilsyn

Referansenr.: 4986137092
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 13.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted